Hopp til innhold

Ingen vil beklage det som skjedde

Styremedlemmene i Helse Møre og Romsdal avviser ulovlegheiter etter bruduljane på styremøtet.

Petter Bjørdal og Stein Kinserdal

– Replikken frå Petter Bjørdal må bli sett i ein samanheng, seier styreleiar Stein Kinserdal (t.h.)

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Nestleiaren i helsestyret, Petter Bjørdal, tok ikkje den milde tonen då NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad ville ha ei grunngjeving for lukkinga av styreevalueringa onsdag.

– Eg forstår ikke kvifor vi skal kaste vekk tid på han der, sa nestleiar Petter Bjørdal medan Sunnmørsposten filma han.

Får støtte frå Norsk Redaktørforening

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad står fast på at møtet burde vere ope. Heggstad har openheit og offentlegheit som nokre av sine spesialitetar. Han får støtte frå Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Ein kan ikkje berre kalle det eit seminar og så oppheve lovkravet om åpne møte.

Arne Jensen, Norsk Redaktørforening

– Poenget er at styret møtest for å diskutere saker som hører heime i styret. Då har dei eit styremøte, seier offentlegheitsekspert Arne Jenssen i Norsk Redaktørforening.

I ei vegleiing departementet kom med i 2004 står det at «styret, som organ, behandler saker i styremøter. Utgangspunktet må derfor være at alt arbeid som innebærer styrearbeid, legges til styremøter. Dersom det i praksis oppstår tvil, må saken legges til et styremøte.»

Helsestyremedlemmene støttar leiaren

NRK Møre og Romsdal har torsdag stilt spørsmål til styremedlemmene om kvifor møtet vart lukka og kva dette kan gjere med tilliten til helseforetaket ute blant folk. Dei fleste styremedlemmene som svarte, viser til vegleiinga frå Helsedepartementet og meiner det er styreleiaren som må uttale seg om dette.

Styreleiar for Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, seier at det ikkje er nokon annan stad i landet der det blir problematisert at styret si evaluering foregår i eit lukka møte.

Helse Møre og Romsdal

Styret forlot møtesalen. Dei ville ha evalueringa si i fred på eit anna rom.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Styret skulle evaluere og sjå tilbake på sin eigen innsats i 2015. Dei avbraut styremøtet for å gå til eit såkalt styreseminar. Dei meinte at det då ikkje lenger var eit styremøte, og at dei dermed kunne lukke møtet.

Vi følgjer lovleg praksis.

Stein Kinserdal, styreleiar, Helse Møre og Romsdal

– Eg forheld meg til vår eigar, departementet. Dei slår fast at vi følgjer lovleg praksis, sier Kinserdal til NRK. Han meiner at ståket rundt møtet ikkje er bra for omdømmet, man at dette i stor grad er skapt av media.

– I evalueringa er det heilt nødvendig for ein open og god dialog at vi snakkar saman utan media til stades, seier han.

Gjekk ut av rommet

Styret gjekk til eit anna rom då journalistane frå NRK, Sunnmørsposten og Tidens Krav nekta å forlate styrerommet. NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad etterlyste ein lovheimel for å lukke møtet. Journalistane stilte krav om at styret gjorde eit formelt lukkevedtak. Men medlemmene forlot likevel styrerommet utan å etterkomme kravet.

Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret marsjerte ut av møtesalen og over til direktøren sitt kontor.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Nestleiar i styret, Petter Bjørdal vil i dag ikkje svare på spørsmålet om kvifor møtet blei lukka.

– Det er leiar eller administrerande direktør som svarer ut frå kva som er styrekollegiet sitt standpunkt i ulike saker. Sånn er det også her, seier han til NRK.

Styremedlem Svein Anders Grimstad seier at dei berre følgjer det departementet har slått fast.

– Det seier seg sjølv at ei slik eigenevaluering må takast i eit lukka møte, meiner Grimstad.

– Ingen ting å beklage

Styremedlem Kirsti Slotsvik legg vekt på at avgjerda om lukka møte var basert på eit brev frå helsedepartementet.

Kirsti Slotsvik, Kystdirektør

Kirsti Slotsvik meiner saka blir gjort større enn ho er.

Foto: Kristian Dugstad / NRK

– Det er nokre som lagar ei større sak ut av dette enn nødvendig. Eg har ingen ting å beklage så lenge vi har eit så tydeleg brev frå departementet, seier Slotsvik.

Journalist Øyvind Johan Heggstad er heilt trygg på at pressa i denne saka hadde retten på si side i kravet om å få vite meir om det formelle grunnlaget for avgjerda om lukking av møtet.

Vi fekk ikkje vite noko om kva som kunne komme fram på dette møtet som skulle gi Helseforetaket rett til å stenge pressa ute.

Øyvind Johan Heggstad, journalist, NRK Møre og Romsdal

I brevet frå Helsedelpartementet står det:

«Egenevaluering kan normalt drøftes i styreseminarer som ikke er omfattet av helseforetakslovens bestemmelser om styremøter. Helseforetaksloven § 26 a om møteoffentlighet gjelder da ikke.

I den grad styret på bakgrunn av evalueringsprosessen faktisk ønsker å fatte vedtak, må det imidlertid behandles i styremøte på ordinær måte. Vi antar at dette sjelden vil være tilfellet. Et eksempel kan være behovet for å drøfte hvordan resultatet av egenevalueringen bør omtales i årlig melding.»

– Eit partsinnspel

Journalist Øyvind Johan Heggstad reagerer på at styremedlemmene viser til eit rundskriv frå departementet.

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad

NRK-journalist Øyvind Johan Heggstad er spesialist på openheit og offentlegheit.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Dette rundskrivet må bli sett på som eit partsinnlegg og ikkje som ei avklaring på korleis lovverket skal tolkast. Helse Møre og Romsdal har etter det eg kjenner til ikkje forsøkt å få ei avklaring på dette spørsmålet i justisdepartementet eller hos sivilombudsmannen.

Helse Møre og Romsdal: – 2016 blir et svært krevende år

Vil rydde opp

Nestleiar Petter Bjørdal virka svært irritert då han og resten av styret skulle gå inn til det dei kalte eit styreseminar. Han kom mellom anna med svært kritiske merknader til Heggstad.

Eg forstår ikke kvifor vi skal kaste vekk tid på han der.

Petter Bjørdal, nestleiar, styret i Helse Møre og Romsdal

Styreleiar Stein Kinserdal meiner at ein må sjå replikken frå nestleiar Bjørdal i ein samanheng.

– Journalisten gav seg ikkje. Det var då replikken fall. Generelt ønskjer eg at vi får rydda opp, og at vi finn betre samarbeidsformer med journalistane.

– Eg meiner situasjonen er skapt av pressa. Vi har faktisk ein legitim rett til å kunne ha seminar utan at pressa skal nekte å gå.

Heggstad seier han vil halde fram med å kjempe for at offentleglova skal gjelde fullt ut også for Helseforetaket, og at det ikkje skal vere mogeleg å lukke møte slike det blei gjort onsdag denne veka.

I februar 2015 nekta NRK og Sunnmørsposten å forlate eit møte der styret skulle evaluere seg sjølv. Då valde Helse Møre og Romsdal å avlyse heile møtet.