Hopp til innhold

I ei kasse frå Israel dukka det opp noko som skulle gi lokalbutikken eit mysterium

Ein mobiltelefon dukka opp blant saftige klementinar i Valldal på Sunnmøre. Historia om kven som eig telefonen er no i ferd med å gå verda rundt.

Denne mobilen låg i botnen av ei klementinkasse.

MOBIL: Denne mobilen dukka opp i botnen av ei klementinkasse i Valldal på Sunnmøre.

Foto: Alfred Nilsen/Storfjordnytt

For om lag to månadar sidan mista Eyerus Teshome mobilen sin i Israel, der ho bur. Og med den, mange verdifulle bilde av familien sin som ho trudde no var tapt.

Eit par månadar seinare, på ein anna kant av verda står Anna Ringset på Spar i Valldal og legg på plass klementinar i butikken.

I botnen av kassa ligg ein Iphone 11. Kven eig denne?, tenkte Anna.

Mobilen var tom for straum, så ho kopla den til ein lader og den vakna til liv. Men mobilen kravde ei kode på seks siffer for å låse seg opp.

– Då tenkte eg at her var det ikkje vits i å prøve ein gong, seier Anna.

Det var Storfjordnytt som først omtala saka.

Tilfeldig tastetrykk gav svar

Anna heldt fram med å fikle med telefonen. Heilt tilfeldig tasta ho inn ein kode ho kjenner frå før, nemleg den same koden som mobilen på butikken har. Den fungerte.

Kollegaen til Anna, Lisa Nilsson, hadde no også engasjert seg i mobilmysteriet. Saman opna dei telefonen og oppdaga at alt sto på eit språk dei meinte likna hebraisk. Eit språk ingen av dei to meistra.

Men inn gjennom skyvedørene på butikken for å handle kom Roiy Hellel. Ein mann som bur i Valldal, men opphavleg kjem frå Israel og kan hebraisk.

– Han klarte å lese kva som sto på meldingane. Han fann eit nummer som han ringde, men der var det ingen svar, seier Anna.

Roiy Hellel og Anna Ringset på Spar i Valldalen.

MYSTERIUM: Roiy Hellel og Anna Ringset

Foto: Alfred Nilsen/Storfjordnytt

I staden sende Roiy ei melding til nummeret. Og ikkje lenge etterpå ringde telefonen.

– Det var Eyerus Teshome frå Israel som ringde, ho trudde telefonen var stolen, så ho var veldig glad for at den dukka opp i Noreg, seier Roiy Hellel.

I underkant av ein time så hadde gjengen i Valldal løyst mobilmysteriet. Teshome hadde mista telefonen når ho hjelpte familien med å pakke klementinar i Israel.

– Ho hadde kjøpt seg ny telefon, men ville veldig gjerne ha tilbake den gamle fordi den hadde ein del bilde ho trudde ho hadde mista, seier Anna.

Dei avtalte at dei skulle sende telefonen tilbake til Israel. Roiy synest det er kjempekjekt at butikken vel å bruke pengar på å sende tilbake mobilen.

– Det er kostbart å sende den til Israel, så dei har gjort ei god gjerning, seier han.

Roiy har også blitt kontakta av Israelsk TV, som vil gjerne vil fortelje om mobilen som forsvann.

– Eg har blitt så stor kjendis no, at eg treng livvakt, seier han lattermildt over telefon.

– Uvanleg historie

Det var Bama som sende kassene med klementinar. At ein telefon dukkar opp blant frukta er ikkje historier dei høyrer ofte.

– Svært uvanleg, trur ikkje dette har skjedd før, seier Pia Guldbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama.

Frukta som blir sendt frå andre land går gjennom kvalitetskontrollar, men her er det noko som har klart å snike seg med i kassene.

– Når klementinane kjem til Noreg sjekkar ein kvaliteten på frukta som ligg øvst, og på sidene, seier Guldbrandsen.

Dermed klarer ein Iphone å snike seg over grensa til Noreg frå Israel.

LES OGSÅ: