Hopp til innhold

– Det irriterer meg at eg ikkje veit kven som står bak

Ein humorserie om bygdekultur har tatt av på nettet, takka vere «perfekt timing». I bygda går spekulasjonane om kven som står bak. Vi har møtt dei.

To av karakterane i teikneserien Planet Ørsta.

UKJENDE: Animasjonsserien «Planet Ørsta» ønskjer å hylle bygdesamfunnet og kulturen som finst der. Dei som står bak vil vere anonyme for å bevare ein del av mystikken. For å skjule kven dei er har ansikta til karakterane «Håvard» og «Ole Ronny» blitt lagt på bilda.

Foto: Remi Sagen / NRK

På ungdomsklubben Kaihuset i Ørsta har fleire titals ungdomar samla seg. Dei er plassert i ulike grupper rundt i lokalet og stemninga er spent. Snart er det klart for førpremiere på den nyaste episoden av serien «Planet Ørsta». Men ingen av dei veit kven som står bak.

Tommy Digernes på ungdomsklubben Kaihuset i Ørsta.

MYSTERIUM: Tommy Digernes er nysgjerrig på kven som står bak serien.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det irriterer meg at eg ikkje veit det. Mange av vennane mine spekulerer i kven det kan vere og vi har fleire namn, men ingen veit det sikkert, fortel Tommy Digernes.

Språket og tematikken er det ungdomane liker best.

– Det er overdrive, men vi kjenner det igjen. Så det er morosamt, seier Alexander Bøstrand.

– Språket dei brukar er gøy. Favorittuttrykket er: «det eno longs med», seier Benjamin Roth.

– Skrur Ørsta opp til 11

Rundt eit bord i Ørsta slenger tre kameratar i 30-åra ut ulike idear til neste episode. Kva galskap skal skje denne gong? Latteren sit laust medan dei diskuterer. Det er nok å ta av i fantasiuniverset dei har valt å kalle «Planet Ørsta». På bordet ligg teikneblokka som i løpet av det siste året har blitt fylt av mange fargerike karakterar.

– Eg hadde aldri teikna før, det ser du kanskje på kor stygge teikningane er, seier ein av dei og ler.

Viser fram ei teikning frå serien Planet Ørsta.

TEIKNINGAR: Det har blitt mange teikningar av fargerike karakterar det siste året.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sunnmørsbygda er kanskje mest kjent for industri, rånekultur og nynorsken sin store far; Ivar Aasen. Men no er ei ny humorserie i ferd med å få fotfeste.

Då koronapandemien stengde ned landet i mars 2020 var det mange som fekk ekstra god tid. Det førte til ei blomstring i kreativiteten.

For dei tre kameratane betydde det moglegheita til å realisere eit prosjekt dei lenge hadde snakka om. Resultatet blei ein animasjonsserie som heidrar heimbygda.

– Om du tek Ørsta og skrur det opp til 11 så får du «Planet Ørsta». Det er ein hyllest.

NRK kjenner identiteten til dei tre, som ønskjer å vere anonyme. Det har blitt ein del av konseptet til serien. Så i denne saka kallar vi dei Erikj, Tommjy og Svennj. Om du har stussa på J-en i namna, så kjem vi tilbake til det.

– Det at ingen veit kven vi er gir ei ekstra spenning. Det blir også meir fokus på produktet og ikkje på oss. Det har vore mykje spekulasjon og folk som har blitt skulda for å stå bak. Nokre har vore ekstremt sikre i si sak og tatt fullstendig feil, så det er berre morosamt, seier Erikj.

Bygder over heile landet

Sidan mars i fjor har det totalt blitt sju episodar av serien. Desse har no over 120.000 visningar på YouTube og i sosiale medium.

– Då vi la ut den første episoden forventa vi å få rundt 50 visningar frå vennar og familie. Så fekk vi tilbakemeldingar frå folk som sa at dei lo så dei datt av stolen. No har den episoden blitt sett 21.000 gonger, seier Svennj.

Musikk og humor blanda med ei god dose galskap. Alt med ei viss grad av sanning i botn. Tema i serien er mange, alt frå gatekjøkkenmat, slåsting og kampen mellom rånarane og lokalbefolkninga til korona, pride og sentralisering.

I serien blir ein blant anna kjent med karakterane «Sissel», «Håvard» og «Ole Ronny». Desse er kraftig inspirert av stereotypar som ein kan finne i bygdesamfunn over heile landet.

Teikneserien Planet Ørsta tek bygda med storm.

KARAKTERAR: Kameratane «Håvard» og «Ole Ronny» er to av karakterane ein får møte i serien «Planet Ørsta».

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi har lyst å vise fram kulturen og dei originale og kreative folka som bur her. Vi vil vise fram Bygde-Noreg slik vi kjenner det, seier Tommjy.

– Det handlar om Ørsta, men det er ikkje berre for Ørsta. Vi håper at nokon i Hammerfest setter like mykje pris på det som nokon på Sunnmøre, seier Erikj.

Kameratgjengen har fått tilbakemeldingar på at det dei gjer treff godt også utanfor kommunegrensene. Målet er å nå ut til heile distrikts-Noreg.

– Eg trur mange av situasjonane har ein appell til alle småbygder og folk som kjem derifrå. Det er litt av det same som ein ser med serien Rådebank, seier Svennj.

Eige språk

I tillegg til at det har oppstått eigne uttrykk i serien har karakterane også ein særeigen måte å snakke på. Dette er noko kameratgjengen bak har brukt mykje tid på å perfeksjonere.

– J-ar på feil plass er ein stor del av dette. For eksempel blir Shell til Skjellj og mamma til mammja. Vi har også tatt i bruk den breie Ørsta-dialekta som finst, men som mange ikkje snakkar lenger, seier Svennj.

Derfor har dei starta å tekste serien, slik at dei som ikkje er kjend med dialekta også skal forstå den.

– Eit lyspunkt under korona

Den lokale Shell-stasjonen er godt kjent som ein samlingsplass for bilglad ungdom. Spesielt i helgene er det fullt opp av rånarar og festglade folk. Dermed har dette blitt ein naturleg del av «Planet Ørsta». Monica Kipperberg, dagleg leiar ved Shell Ørsta, meiner at serien kom på det perfekte tidspunkt.

Monica Kipperberg, dagleg leiar ved Shell Ørsta

HUMOR: Monica Kipperberg trur serien kom på det perfekte tidspunktet. – Det har gitt folk noko å le av under koronapandemien, seier ho.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ei overdriving av sanninga og det er det som gjer det så morosamt. Det var ekstra kjekt at det kom under koronapandemien. Vi trengde noko å le av no, seier ho.

– Er det så gale her på ein laurdagskveld som det ser ut i serien?

– Eg trur nesten det er verre, seier Kipperberg latterfull.

På stasjonen har det også vore mogleg å kjøpe koppar og capsar med motiv frå serien. Kipperberg fortel at «Planet Ørsta» blir eit naturleg samtaleemne i møte med kundane.

– Det har vore folk her i alle aldrar, frå 8 til 80 år. Og alle synest det er like gøy.

Rett tid

I den nyaste episoden har dei fått med seg komikar og sambygding Thomas Ryste, for mange mest kjent som Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset. Tidlegare har også musikar Egil Olsen og rapgruppa Side Brok medverka. Ryste var ikkje i tvil då han fekk spørsmål om å vere med og synest det er bra at det har oppstått eit nytt humorunivers på Sunnmøre. Han har tru på at dei kan lukkast med serien.

Thomas Ryste, her som figuren Kjell «Kjellen» Bigset.

SOSIALE MEDIUM: Thomas Ryste, her som karakteren Kjell «Kjellen» Bigset. Han trur sosiale medium har blitt endå viktigare under koronapandemien.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette kom på rett tidspunkt. Eg håper dei har tid til å halde fram etter korona.

Ryste som nærmar seg 20 år i bransjen har sjølv millionar av visningar i sosiale medium og på YouTube. Han trur sosiale medium har fått ei endå større rolle under pandemien.

– Akkurat no er det kjempeviktig fordi ein ikkje får reise eller spele nokon plass. Det kan du dra godt nytte av, spesielt om du har bygd deg opp noko. Men eg trur også dette er tida for å bygge seg opp ein plattform.

Meir i vente

Dei tre som står bak «Planet Ørsta» vektlegg at sjølv om formålet med serien er å få folk til å le, så er det også ei viss grad av seriøsitet i det dei prøver å formilde.

Viser fram ei teikning frå serien Planet Ørsta.

MANGE IDEAR: Gjengen bak «Planet Ørsta» har ingen planar om å gi seg med det første.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er viktig å sjå ei sak frå bygda sitt perspektiv. Mange bygder blir gløymt og det er eit ønske at armane frå Oslo skal strekke seg hitover. Så vi må berre skrike ut og bruke «Planet Ørsta» så godt vi kan, seier Svennj.

– Når vi har eit publikum, så må vi prøve å seie noko av verdi, seier Tommjy.

Frå den første episoden der teikningane var enkle og i svart-kvitt har serien no blitt meir avansert. Nyleg fekk dei også støtte frå kommunen gjennom den lokale Hoppid-ordninga. Det gjorde det mogleg for dei å leige inn animatørar ved Høgskulen i Volda til å hjelpe seg.

Nye episodar er allereie under planlegging. Og det er meir i vente frå «Planet Ørsta»-gjengen. Også på musikkfronten. Karakteren «Sissel» skal nemleg gi ut ein eigen singel.

– Min største draum er at eg kan stå på Shell og høyre nokon spele den låten på full guffe, seier Tommjy med eit smil.