Har fått mystiske gåver i posten i 18 år

Kvar einaste jul i 18 år har familien Sandnes frå Valldal på Sunnmøre fått julegåver frå ein hemmeleg avsendar.

Arne Sandnes henta årets mystiske pakke frå Arendal, 23. desember.

TRADISJON: Arne Sandnes får utlevert årets hemmelege pakke frå Emma Vikene.

Foto: Magne Hoel

I heimen til Inger og Arne Sandnes har det etter kvart blitt mange ting dei ikkje har fått takka for. Dei anar ikkje kven avsendaren er, men kvar jul kjem den mystiske pakken med gåver til Inger, Arne og dei fire barna.

Frå Arendal

Det einaste dei veit er at avsendaren er frå Arendal. På pakkane står det.

«Til Inger og Arne Sandnes. Frå alle oss i Arendal.»

Ekteparet lurer veldig på kven som sender gåvene, og dei trur at det kan vere nokon som kjenner dei.

– Vi fekk oss nytt kjøken, og det var det ikkje så mange som visste om. Men det året fekk vi seks flotte knivar, fortel Inger Sandnes.

Knivar til det nye kjøkkenet til Inger og Arne Sandnes

Knivar til det nye kjøkkenet frå hemmeleg avsendar i Arendal.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ektemannen Arne har vore ordførar for Senterpartiet i Norddal kommune i ei årrekkje. Han har også jobba for Norad, og har dermed møtt mange menneske i inn- og utland i karrieren.

Men kven avsendarane i Arendal er, klarer han ikkje å finne ut.

– Eg har fått ei klokke, vi har fått hovudlykter, snikkarutstyr. Gåvene er verdt 25.000–30.000 kroner totalt. Det er heilt utruleg, seier Arne Sandnes.

Personlege gåver

Dei har sjølvsagt gjort mange forsøk på å finne ut kven «Alle oss i Arendal» er. Men det har vore heilt umogleg.

– Vi spør folk, og vi har forsøkt å oppspore dei som har sendt det, men det ser ikkje ut til at det er nokon som veit kven det er, seier Inger Sandnes.

Lommelerker

Arne og Inger Sandnes med lommelerker frå «Alle oss i Arendal».

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det kan også hende at givaren ikkje vil bli identifisert. For gåvene er så personlege at Inger trur det må vere nokon som kjenner dei veldig godt.

– Vi har fått undertøy og andre ting til gutane som passar perfekt, og som er typisk for dei.

Og det er ikkje heilt usannsynleg at gåvene verkeleg kjem frå Arendal, for familien har mange vener der. Men alle avkreftar at det er dei som sender pakken.

– Og dei hadde nok heller ikkje hatt råd til å sende så mykje, kvart år i 18 år, slår Inger fast.

Skular på kvarandre

Heller ikkje eit oppslag i avisa Fædrelandsvennen førte fram i jakta på dei rause givarane.

– Det var midtsideoppslag. To store sider om at ekteparet frå Valldal etterlyste givaren, men ingen meldte seg, fortel Arne Sandnes.

Arne Sandnes med ei lykt han har fått frå Arendal.

Arne Sandnes viser fram ei av gåvene han har fått frå den mystiske avsendaren.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Den mystiske pakken har no ført til at dei også internt i familien skular på kvarandre julaftan. Barna trur at det er mor eller far som lurer alle saman.

Uansett. Pakken med gåvene frå Arendal er no blitt ein tradisjon. Når det nærmar seg jul, begynner dei å vente på hentemelding frå posten.

Og det skjedde i år også. 23. desember klokka 14 fekk dei beskjed om at pakken var komen.

– Dersom dei som gir oss alt dette, les denne artikkelen, så må vi berre få lov å seie takk. Vi er veldig takksame for alle dei flotte gåvene vi har fått desse 18 åra. Tusen, tusen takk! seier ekteparet.