Hopp til innhold

Her blir fastklemt kalv redda frå flaumen

Om lag hundre dyr har mista livet i den flaumstore elva Surna på Nordmøre. Det blei hjarteskjerande scener då kyr og kalvar hamna på kvar si side av elva.

Her klarer bonde Sivert Mauset å frigjere kalven som gjekk seg fast i eit buskas.

Ein av kalvane sette seg fast i buskas på breidda av den flaumstore elva. Men den snarrådige bonden Sivert Mauset visste råd. Han fekk med seg ei motorsag, hoppa i båten, drog over elva og fekk kalven laus.

– Det går ganske bra med kalven no. Men han var nedkjølt og medteken. Vi skal prøve å få han over til andre sida før det blir natt, seier Mauset.

Kyr står fast i elva Surna

Kalven som gjekk seg fast hadde hamna på same side av vassmassane som mor si. Her passar mora på. Seinare kom bonden med motorsag og hjelpte kalven laus.

Foto: Eirik Haukenes

Flokken med kyr blei delt i to då elva vaks seg flaumstor i natt. Kyr og kalvar blei ståande på kvar si side og rauta til kvarandre.

– Problemet no er at flokken er delt i to. Ku med kalv ropar til kvarandre på kvar si side av elva. Så flokken er uroleg, seier Mauset.

Sauer tekne av elva Surna

Fleire dyr blei tekne av vassmassane då elva Surna på Nordmøre fløymde over.

Foto: TOR HELGE SOLLI/TIDENS KRAV

Hundre dyr døde

Om lag hundre dyr har mista livet i vassmassane som kom ned Surnadalen i natt. Dei aller fleste var sauer som var henta heim frå fjellbeite.

– Det er ganske fortvilande for dei å sjå husdyra sine forsvinne på denne måten, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Bonde Harald Kragnes er den som har mista flest sauer. Han har mista rundt 50–60 sauer og seier at det er ein stor tragedie.

– Dette er alvorleg for ein sauebonde. Eg såg at elva var stor og frykta at det hadde gått dårleg med sauene. Mange var allereie døde, men vi fekk også dradd nokre på land, seier han.

Det er så langt uklart kor mange dyr som har døydd, men det blir opplyst at talet ligg på rundt hundre. Mattilsynet er på plass for å få ei oversikt over. Kommunen sitt kriseteam er varsla.

Fleire titals sauar vart tekne av elva Surna då den gjekk over breiddene sine.

Fleire titals sauar er døde etter at elva Surna gjekk over breiddene sine.

Sauebonde Mats Ranes var også med og berge dyr opp av Surna. Han køyrde mot elva og blei møtt av sauer som flaut nedover.

Sauer reddes ut av elva Surna i Møre og Romsdal

Bønder, politi, brann og frivillige jobba måndag for fullt for å redde dyr som hadde blitt tekne av elva Surna.

Foto: Tor Helge Solli /Tidens Krav / NTB scanpix

– Det var både døde og levande dyr. Då var det berre å legge frå seg telefonen, hoppe ut i elva og få med seg dei ein kunne berge. Eg ropte på dei som var nærast og då kom dei symjande mot meg slik at eg fekk tak i dei, fortel han.

Ranes manglar no rundt 30–40 dyr.

– Det byrjar å gå opp for meg kva som har skjedd. Det er ingen god kjensle, seier han.

Mats Ranes mista mange sauar då elva Surna fløymde over.

Mats Ranes mista mange sauar då elva Surna fløymde over.

Dyr flaut nedover elva

Det var like før klokka 09.00 måndag morgon at politiet melde at elva Surna hadde gått over sine breidder.

Innsatsleiar Anders Magne Ormset

Anders Magne Ormset, innsatsleiar i politiet, fortel at sauer flyt nedover elva.

Foto: John Steinar Hansen

Dei første meldingane gjekk ut på at nokre sauer var tekne av elva, men at ingen personar skulle vere skadd. I 09.20-tida melde politiet derimot at over hundre sauer var tekne av elva.

Desse gjekk på beite i området og har truleg blitt fanga av vassmassane. I 10.30-tida opplyste politiet at også kyr blei tekne av elva.

Sauer tekne av elva Surna i Surnadal

Fleire sauer blei vaska nedover elva.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er ein del sauer som har blitt vaska nedover elva og er døde, sa Borge Amdam, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK måndag morgon.

Sjå dronebilda som viser kor stor vasstanden i Surna var.

Sjå dronebilda som viser kor stor vasstanden i Surna var.

Søker med drone

I 12.00-tida har ein del av sauene blitt redda og tatt opp i båtar. I tillegg brukte politiet drone for å leite etter fleire dyr.

Sauer tekne av elva Surna

Det blir brukt båtar for å redde dyra som står fast på små øyer.

Foto: John Steinar Hansen

– Rundt hundre sauer kan ha gått med elva, men vi har ikkje full oversikt endå, sa innsatsleiar på staden, Anders Magne Ormset, måndag formiddag.

Brann, politi, bønder og frivillige har jobbar for fullt for å berge sauer som var fanga mellom vatn og trygg grunn. Fleire av dyra stod fanga ute på små øyer og i elva.

Like før klokka 17.00 har vasstanden minka mykje, men redningsarbeidet føregår framleis. Røde Kors går også manngard langs elva for å leite etter dyr, både levande og døde.

Statkraft har også stengt Trollheimen kraftstasjon for å minske vassføringa i elva, og får ikkje opne opp igjen før situasjonen ved Surna er under kontroll.

– Skjedde raskt

Ormset seier at det er uvanleg at elva har gått så mykje utover breiddene som den har gjort.

Sau tatt av elva Surna i Surnadal

Det blir jobba for fullt for å prøve og redde sauer som blei tatt av elva Surna.

Foto: Tor Helge Solli/Tidens Krav

– Det er fleire hundre meter bort til elveløpet. Elva er på veg ned igjen no, så naturkreftene jobbar med oss. Det aukar sjansen for å berge dei sauene som står igjen. Det er mange sauer som vi endå ikkje har henta fordi dei står vanskeleg til, så han i tolvtida.

Fleire av bøndene i området fortel at elva steig raskt måndag morgon. Då mange reiste på jobb i 06.00-tida skal alt ha sett fint ut. I halv åttetida måtte bøndene rykke ut for å redde dyra.

Sauer tekne av elva Surna i Surnadal

Mange dyr blei fanga av vassmassane då elva Surna fløymde over.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ei tragedie for dei som er råka

Etter eit møte med kriseteamet i kommunen, seier ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, at dei ser alvorleg på situasjonen.

Sau tatt av elva Surna i Surnadal

Fleire dyr blei tatt av vassmassane då elva Surna strøymde over.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi jobbar for å minke skadeomfanget og redde flest mogleg dyr, både ved hjelp av mannskap og utstyr. Dette er svært alvorleg for dei som er råka, sa Nyheim til NRK måndag formiddag.

Ifølgje ho skal det vere snakk om tre grunneigarar som hadde dyr i området.

Ragna Marie Mauset, leiar i Surnadal bondelag, seier at situasjonen er ei tragedie for alle dei involverte.

– Det er forferdeleg. Bøndene mistar ein del av grunnlaget sitt om ein ikkje finn alle. Nokre av bøndene har mista mange dyr og det går utover levebrødet deira i lang tid framover, seier ho.

Sau tatt av elva Surna i Surnadal

Over hundre sauer skal vere tekne etter at elva Surna gjekk over sine breidder ved i Surnadal.

Foto: John Steinar Hansen

Ikkje fare for hus

Politiet har så langt ikkje fått melding om at det skal vere fare for at elva kan nå hus. Dei ber likevel folk om å følgje med på elva.

Over hundre sauer skal vere tekne etter at elva Surna gjekk over sine breidder ved i Surnadal.