Hopp til innhold

Familien i umogleg skvis etter ras: Kan verken selja eller bu i huset

Familien måtte flytta på dagen då raset gjekk. No må eit nytt ras ta huset for at dei skal få hjelp.

Inger Marie Tjordal i det tomme huset på Tveitahaugen, Tyssedal

Her er Inger Marie Tjordal tilbake i det tomme huset på Tveitahaugen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Inger Marie Tjordal er innom for å sjekka korleis det står til med huset sitt.

Det er mørkt. Stova er tom.

– Det er veldig trist å sjå at det berre står og forfell, seier Tjordal.

Ho kan gå inn i huset, men aldri bu der meir.

Tidleg om morgonen den 20. april 2023, for akkurat eitt år sidan, gjekk det eit ras frå den stupbratte nuten ovanfor Tyssedal i Ullensvang.

Ein bil og garasje blei knust av steinar.

No står familien i ein vanskeleg skvis: Ingen kan bu i huset og ingen kan kjøpa det.

– Eg har ikkje vore borti tilsvarande saker før, seier Stig Hope som er rådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap i Ullensvang kommune.

Knust garasje Tyssedal
Bil knust Tyssedal
Garasjar Tyssedal
Ras i Tyssedal har øydelagd garasje

Steinar hagla mot huset

Sambuarparet Inger Marie Tjordal og Frode Høyland og dei to sønene Noah (13) og Oliver (10) blei vekt av steinar som hagla mot huset.

Etter å ha vore evakuert i nesten ein månad fekk dei ein nedslåande beskjed. Heimen er ikkje trygg å bu i.

Framleis veit ingen kva som skjer med huset. Og korleis løyser du forsikringssaka når huset ikkje har skadar?

Inger Marie Tjordal ved det tomme huset på Tveitahaugen, Tyssedal

Familien Tjordal Høyland får ikkje bu i trehuset frå 1905. Det er ikkje trygt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Les også Inger Marie og Oliver (9) får enno ikkje flytta tilbake etter raset: – Kjempekjedeleg

Inger Marie Tjordal og 
Oliver Tjordal Høyland (9) er evakuerte frå Tyssedal

Uavklarte spørsmål

Sjølv om familien no har flytta inn i nytt hus, er saka langt frå over.

– Plutseleg er vi blitt gjeldsslavar, seier Frode Høyland.

No sit familien med nytt lån på nytt hus, og det gamle huset som ikkje er verdt noko på papiret.

– Vi klarar oss, men det er vanskeleg. Vi gjer mange tiltak for å spara både her og der, seier Høyland.

Alle trudde at ei avklaring for familien ville koma fort, men framleis er alt i uvisse.

Frode Høyland med bunken av papirer i arbeidet med å få ei avklaring.

Det blitt mykje papirarbeid det siste året. – Det har vore att og fram med geolog, politi, NGI, kommunen og forsikringsselskapet, seier Frode Høyland.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ønskjer ei avklaring

Kommunen ønskjer å hjelpa familien for å få ei avklaring i saka, men det har vore ei komplisert sak.

– Vi har forståing for situasjonen for familien, og jobbar så godt vi kan mot ei avgjerd, seier Hope.

Kommunen hadde ikkje trudd at forsikringssaka ville ta så lang tid å løysa. På spørsmålet om ikkje kommunen kan kjøpa familien ut, svarar prosjektleiar Eirik Lia:

Kommunen kunne hatt ei stor grad av velvilje og sagt at dette er såpass vanskeleg og utfordrande å løysa at det kunne ein lagt til grunn. Men dette ville og blitt ei førande prinsippsak for liknande nye saker som vil koma i framtida, seier Lia.

Lia legg til at det kanskje er på tide å ta ein diskusjon opp mot regelverket for korleis ein skal handtera slike saker når ein kjem i ei slik gråsone.

Eirik Lia og Stig Hope i Ullensvang kommune.

Eirik Lia og Stig Hope i Ullensvang kommune hadde ikkje trudd at det ville vera så vanskeleg å få løyst saka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Usikkert fjell

Alternativet med å rassikra området slik at trehuset blir trygt nok til å bu i er ikkje eit alternativ.

Fjellet Tveitanuten stig 900 meter loddrett opp over eigedommen til familien, og her kan det kome flogstein. Dette gjer at det ikkje er trygt å bu i huset.

Steinar kan koma heilt plutseleg og i stor fart, som prosjektil, og kan gjera spesielt uteområdet farleg.

– Flogstein vil vera vanskeleg å sikra seg mot og veldig kostbart, seier kommunegeolog Tore Dolvik.

Det vil kosta samfunnet rundt 85 milliardar kroner om bygg som er utsette for naturfarar i Noreg skal sikrast.

Huset og Tveitanuten

Huset under Tveitanuten.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vanskeleg sak

Plutseleg kan naturen definera huset, tomta eller nabolaget ditt som utrygt.

Men lovverket gjer at familien ikkje har rett på erstatning.

– Om huset hadde vore meir skada, så hadde saka stilt seg heilt annleis. Det er det som er det ironiske, at huset faktisk er for lite skada, seier pressesjef Ole Irgens i Trygg Forsikring.

I Noreg er det Lov om naturskadeforsikring som bestemmer erstatninga som blir utbetalt etter naturskadar.

Irgens seier at familien fell mellom to stolar.

Føresetnaden for å få erstatning for naturskade på bustad er at det blir nekta reparasjon og gjennombygging frå kommunen si sida grunna fare for ny naturskade.

Men i denne saka er skadane så små at dei kan bli reparert utan søknadsplikt, og då fell ein utanfor paragrafen. Som igjen gjer at ein ikkje får erstatning.

Det høyrest nesten litt utruleg ut, men sånn er diverre lova. Og det er ikkje tolkingsrom for dette i regelverket, legg han til.

Familien Tjordal Høyland heime i det nye huset sitt.

Familien Tjordal Høyland i det nye huset sitt.

Håpar å kunna gje svar

Kommunen har bedt Noregs Geotekniske Institutt gjennomføra ein revisjon på eksisterande faresonekartlegging for bustadfeltet.

Rapporten vil vera klar i slutten av april eller tidleg i mai.

Når rapporten er klar må vi sjå på kva vi kan gjera vidare. Dette er noko vi kjem til å ha dialog med familien om, seier Hope i Ullensvang kommune.

– Vi håpar at nokon snart finn ei løysing slik at vi kan koma oss vidare, seier Høyland.

Inger Marie Tjordal ved det tomme huset på Tveitahaugen, Tyssedal

Eit høgt gjerde står rundt heile tomta for å halda folk ute.

Foto: Tale Hauso / NRK

Les også Bil og garasje knust av steinras i Hardanger: – Bra at lærlingen ikkje sat i bilen

Steiner knuste garasje og bil i Tyssedal, Odda

Les også Tømde eitt års rasbudsjett på tre månader

Ras i Esefjorden