Den 14. juli blei turistbygda Geiranger snudd på hovudet då ein nesten to år gamal gut fall i den då svært flaumstore elva. I forsøk på å redde guten hoppa mora etter, men var sjanselaus.
Mora blei ført fleire hundre meter nedover elva, men nokre hotelltilsette høyrde ropa. Dei var snarrådige og klarte å få tak i kvinna og dro henne opp. Guten var ikkje å sjå, og blei først funne død mange timar seinare.
– Kollegaen min fekk opp kvinna. Eg fekk strekt meg ut og tatt eit godt tak i mora og drog ho inn til kanten, og så fekk eg dradd inn min kollega, fortalde Jenny Muren Knivsflå dagen etter den tragiske ulukka.
Guten fall i den strie elva i 16-tida. Store leitemannskapar leita i mange timar, men først klokka 21.30 blei guten funnen.
Foto: Mari GjørvaBlei heidra for redningsdåd
Fredag blei dei tre kvinnene som jobbar på Hotel Union Geiranger, diplom og blomar for å ha redda livet til kvinna.
Bjørg Thorell Krabbedal i Norges Livredredningsselskap delte ut prisen. Ho synest det var krevjande å sjå plassen der guten hadde rent nedover elva, utan at nokon kunne redde.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKBjørg Thorell Krabbedal i Noregs Livredredningsselskap delte ut diplomane Ho er svært imponert over innsatsen til kvinnene, og synest det er sterkt å sjå plassen og høyre om den dramatiske dagen.
– Når folk reddar menneske frå drukning, skal dei bli heidra. Det er viktig i dette drukningsforebyggande arbeidet vi driv med, at vi heidrar dei som faktisk reddar menneske, seier Krabbedal.
Glad dei klarte å redde
Marija Levarda frå Bosnias seier ho er veldig glad ho var på rett stad til rett tid den dagen. Ho sett svært stor pris på å bli heidra.
For heltinnene er det likevel med ein bismak. Sjølv om dei redda eit liv, gjekk eit anna tapt.
– I starten kjende eg at det var veldig trist at vi ikkje kunne gjere det betre med tanke på guten, men eg har skjønt at vi gjorde ein god jobb, seier bulgarske Trayana Atanstova Lukanova-Stroycheva.
Her får kvinnene diplomet overlevert av Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK– Ei slik oppleving går sterkt inn på ein. Det følgjer oss i kvardagen. Vi skal kome oss vidare, men det har gjort sterkt inntrykk, seier ei svært prega Jenny Muren Knivsflå.
Handla på instinkt
Knivsflå seier at dei tre hoppa rett i det og ikkje hadde tid til å tenkje.
– Ein handlar på instinkt, og det gjorde vi denne dagen. Og eg er veldig takksam og glad for at vi klarte å bidra med å redde denne mora.
Her peiker Jenny Muren Knivsflå på området der guten fall i elva.
Foto: Synnøve Hole / NRKKnivsflå er sjølv frå Geiranger. Ho seier at ulukka har vore veldig tøff for bygda, men at det er slike ting som kan skje når ein bur i ei bygd som Geiranger.
– Vi veit at slike ting har skjedd og vil skje igjen, så beredskap og det at vi er klare for slike situasjonar er kjempeviktig, seier ho.