Hopp til innhold

To hotelltilsette berga mora til guten ut av elva

Mora til den omkomne 1-åringen i Geiranger blei ført fleire hundre meter nedover elva før to hotelltilsette berga henne. – Det er klart at du som mor hoppar etter barnet ditt for å redde det, seier Jenny Muren Knivsflå.

Jenny Muren Knivsflå

Jenny Muren Knivsflå og ein kollega sprang frå jobb då dei fekk beskjed om at ei kvinne ropte om hjelp.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Geiranger er i sorg i dag etter at ein nesten to år gamal gut blei funnen død i elva tysdag kveld. I seks timar jobba redningsmannskap på spreng i svært krevjande forhold for å finne det vesle barnet.

Den 22 månader gamle guten var frå Larvik, bekreftar ordførar Erik Bringedal overfor Østlands-Posten. Kommunen opprettar kriseteam.

Endå eit menneskeliv kunne ha gått tapt, hadde det ikkje vore for snarrådige hotelltilsette. Jenny Muren Knivsflå jobbar ved Hotel Union Geiranger, like ved der ulykka skjedde. I dag er ho tilbake på ulykkesstaden, i elva der både mor og gut hamna.

Barn funne omkome i elva i Geiranger

Seks timar etter ulykka vart 1-åringen funnen omkomen i elva.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Høge rop

– Eg var på jobb på spaavdelinga, og så kom ein kollega og sa at det er ei dame som ropar veldig kraftig bak hotellet, fortel Knivsflå. Kvinna skreik og ropte om hjelp.

Som hotelltilsett er dei trena i livredding og å handle raskt. Dei to kvinnene sprang ut naudutgangane på hotellet og ned til elva. Dei hoppa utfor breiddekanten og gjekk ned i elva. Mora var i elva og skreik etter sonen sin.

– Kollegaen min fekk opp kvinna. Eg fekk strekt meg ut og tatt eit godt tak i mora og drog ho inn til kanten, og så fekk eg dradd inn min kollega, fortel Knivsflå. Det er vanskeleg å halde tårene tilbake.

Guten såg dei ingenting til og mora var i sjokktilstand. Like nedanfor området dei henta mora er det stupbratte elvar. Knivsflå vil ikkje spekulere på kva utfallet hadde blitt dersom ikkje dei to var så snarrådige.

Jenny Muren Knivsflå

Jenny Muren Knivsflå tenker på familien som miste guten sin.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Hoppa etter barnet

– Personleg er eg takknemleg for at vi handla raskt. Begge sprang. Vi blei ikkje handlingslamma, seier Knivsflå. Ho seier at kven som helst ville ha gjort det same som ho og kollegaen.

I dag går tankane hennar til familien som mista den vesle guten sin. Knivsflå veit ikkje kva som skjedde, men forstår at mora prøvde å berge 1-åringen.

–Det er klart at eg tenker at som mor hoppar du etter barnet ditt for å redde han. Det var nok det ho gjorde, seier Knivsflå. Ho anslår at mora blei ført mellom 150 og 300 meter nedover elva.

Søk i elv i Geiranger etter barn som er sakna

Alt tilgjengelege redningsmannskap vart sendt til Geiranger då ulykka skjedde.

Foto: Mari Gjørva

Redningsaksjon i seks timar

Alt tilgjengeleg redningsmannskap blei sett inn i bergingsaksjonen. Helikopter, dykkarar, redningsskøyte, båtar, brannvesen, politi, Røde Kors, alpin redningsgruppe og elveredningmannskap deltok i aksjonen. Også frivillige var med i leitinga. Det gjekk seks timar før 1-åringen blei funnen.

Familien har vore samla på hotellet i det siste døgnet og blitt varetatt av kommunen sitt kriseteam. Dei var i Geiranger for å feriere. Dei har no pakka saman og reist heim.

Drukningsulykka skjedde ved denne brua i Geiranger

Det var ved denne brua i Geiranger at ulykka skjedde.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Open kyrkje

Ved elva er det tent lys og kyrkja er open for alle som ynskjer.

Politiet vil no kartlegge kva som skjedde, men det viktigaste oppgåva til lensmannen er å ta vare på familien.

– Den fatale ulukka pregar oss alle og innbyggjarane i Geiranger. Vi er her for å ta vare på pårørande og alle involverte som var med i går, seier innsatsleiar Frode Digernes.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, seier det er ei djupt tragisk ulykke og at det er trist dag for alle.

– Vi stiller opp med beredskapsteam på hotellet og prøver å gi dei den støtta som dei treng. Det er klart at det finst ingen støtte som kan erstatte eit lite barn, seier Tryggestad.

Blomster ved elva i Geiranger etter at barn blei funnen død.

Det er tent lys ved elva der guten drukna.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK