NRK Meny
Normal

Høie har bestemt seg: Sjukehuset skal ligge i Molde

Statsråd Bent Høie har avgjort at det nye fellessjukehuset skal ligge på Opdøl i Molde. – Vi visste at nokon ville bli skuffa, seier statsråden.

Bent Høie under pressekonferanse om nytt sykehus i Molde

Helseministeren har bestemt seg for Molde.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Dermed har Høie kome til same konklusjon som styra i dei to helseføretaka.

– Dette er ikkje eit val mellom pest og kolera, men eit val mellom to gode alternativ, sa Høie under pressekonferansen.

Han seier det har vore klart frå starten at dette ville bli tungt for dei som ikkje fekk sjukehuset plassert i sin by.

– Avgjerda om kvar dette skal ligge ville føre til at folk i ein av dei to byane blei skuffa. Eg håper vi no kan kome vidare i arbeidet, når det no er tatt ei avgjerd, seier statsråden.

– Kunne gått for begge alternativa

Høie seier begge alternativa kunne blitt valt. Han seier ingen av tomtene skil seg ut vesentleg ut frå den andre. Han seier det difor blir ei vurdering kva dei vil legge vekt på.

– Vi har vurdert det slik at Storbakken i Kristiansund ville sikre offentlege arbeidsplassar og kortare reisetid for dei som har lengst veg, medan tomta i Molde sikrar at det største sjukehusmiljøet blir tatt vare på til det nye sjukehuset er på plass.

Han viser også til at moldealternativet gir kortast reiseveg for fleirtalet av pasientane.

Seier styra har gjort sjølvstendige vurderingar

Høie la vekt på at dei to styra har gjort sine eigne vurderinga i saka, med klar adresse til påstandar om at han skal ha påverka prosessen med å ytre sine ønskje om tomteplassering.

– Ingen opplever at dei har kjent seg pressa, sa Høie på pressekonferansen.

Statsråden meiner det har vore viktig å få ei avgjerd i saka og viser til at tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, også bad om at saka blei sluttført då ho gjekk frå stillinga si.

– Kvifor behandle no og ikkje utsetje? Astrid Eidsvik sa noko klokt den dagen ho trekte seg, nemleg at det var klokt å ta ei avgjerd i saka no, sa Høie.

Helseministeren blei konfrontert med påstandane om at Eidsvik skal ha blitt pressa av Helse Midt-Norge. På spørsmål om dette kunne smitte av på han, viste Høie til at saka er avgjort på bakgrunn av faglege vurderinga.

– Faktagrunnlaget styret har bygd avgjerda si på, blir ikkje endra av at ho trekte seg. Eg skulle gjerne vore utan at ho gjekk av, men det endrar ikkje grunnlaget for ei avgjerd, sa Høie.

– Ein lang og krevjande prosess

Helseminister Bent Høie på pressekonferanse om nytt sykehus i Molde

Helseministeren meiner det har vore viktig å få ei avgjerd i saka.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Helseministeren skriv vidare at det har vore ein lang og svært krevjande prosess over mange år.

– Eg har stor forståing for at spørsmålet om tomteval engasjerer og vekkjer mange kjensler hos innbyggjarane, seier Høie.

– Eg er glad for at vi no får landa tomtevalet, slik at vi i dag har kome eitt skritt nærare målet om nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Det er viktig for å gi pasientane i fylket best mogleg pasientbehandling i framtida.

Nokre kommentatorar har hevda at eg skyv helseføretaka framfor meg i denne saka. Eg seier tvert i mot. Eg har vore tydeleg på at eg tar politisk ansvar.

Seier han kjenner saka godt

Høie viste til at han har følgt saka over langt tid og difor har hatt høve til å setje seg inn grunnlaget for avgjerda.

– Eg har synsfart dei tre alternativa, hatt møtet med dei tillitsvalde på dei to sjukhusa for å danne meg eit bilete av argumentasjonen på eit tidleg tidspunkt.

Han viste til at det blei tydeleg at alternativet i Gjemnes, som ligg mellom dei to byane, ikkje var eit godt nok alternativ.

– Dermed stod vi igjen med to alternativ; Kristiansund og Molde.

Vil ha ro til å jobbe vidare

På spørsmål frå salen avviser Høie at avgjerda burde vore utsett. Han vil heller ikkje svare på om han har delt sitt syn på plassering med styra tidlegare i prosessen.

– Eg har fått ti spørsmål frå kontrollkomiteen om det, og dei kjem eg til å svare på. Der får eg høve til å utdjupe dette nærare. Det har eg tenkt å gjere, men eg vil gjerne svare dei først, seier han.

Høie seier han håper på ro til å jobbe vidare med innhaldet i det nye sjukehuset.

– No som avgjerda er tatt, er det viktig å jobbe saman for å få til eit nytt moderne sjukehus til beste for pasientane, seier Høie.

Bent Høie: Sykehus til Molde