Hopp til innhold

Hjelset manglar fagfolk

Helse Nordmøre og Romsdal får krass kritikk etter at Helsetilsynet har vore på Hjelset.

Hjelset
Foto: Omar Sejnæs / NRK

I ein førebels rapport blir det påpeikt at Hjelset har for få lege- og psykologspesialistar.

Helsetilsynet meiner òg at delar av behandlinga ved akuttpsykiatri og rehabilitering ikkje er forsvarleg.

Rekruttering

Robert Giske

Robert Giske

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Avdelingssjef Robert Giske ser svært alvorleg på rapporten. Han seier dei no vil starte eit rekrutteringsprosjekt for å få fleire spesialistar. - Det er ei kjend sak at særleg distrikta manglar spesialistar innan psykiatrien. Det har vore gjort mange kortsiktige tiltak for å rette på det, men no trur eg tida er moden for å tenkje annleis, seier han.

- Ikkje forsvarleg

Bakgrunnen for at Helsetilsynet besøkte eininga for akuttpsykiatri og rehabilitering var bekymringsmeldingar om mangel på fagleg kompetanse. I rapporten skriv Helsetilsynet at eininga er inne i ein periode med store endringar. Då er det særleg behov for systematisk styring. Rapporten seier også at delar av behandlinga som blir gitt på Hjelset ikkje er forsvarleg.

Robert Giske seier at dersom situasjonen er slik Helsetilsynet framstiller det, må det gjerast noko straks. Han vil bruke dei næraste dagane til å gå gjennom rapporten, og dersom det skal gjerast betringar når det gjeld alt som får kritikk, blir det eit stort arbeid.

- Det blir ein vesentleg gjennomgang når det gjeld både fag og metode, og ikkje minst i å bruke kvalitetssystema våre. Dei er på plass, men er tydelegvis ikkje godt nok kjende blant våre tilsette, seier avdelingsleiar Robert Giske.

Les også:

Hjelset-problem til ministeren

Psykolog anker dommen

Tapte i retten

Stevner Helse Nordmøre og Romsdal

- Forkastelig pasientflytting

Tillitskrise på Hjelset

- Dårligere pasienttilbud

Kor mange må gå på Hjelset?

Frykter kompetansen forsvinner

Over fire tusen i fakkeltog


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL