Hopp til innhold

Tillitskrise på Hjelset

Det er tillitskrise på Hjelset mellom tilsette og leinga i Helse Nordmøre og Romsdal. Reaksjonane er sterke på at mange med seks måneders oppseing får tilbod om ein sluttpakke på berre 5 månader. Verken eldre eller tillitsvalde blir spart.

Eldre misser arbeidet på Hjelset

Hjelplepleiarane Marit Ræstad og Liv Stavik Heggem er baltn mange som må gå. her med tillitsvald Knut Ivar Egset i Fagrforbundet.

Foto: Roar Strøm/NRK

Frykta er stor og uroa breier seg for at endå fleire kan miste arbeidet i psykiatrien enn dei 148 som har fått beskjed.

No varslar fagforeningane rettsaker og alle saker kan bli prøvd for Arbeidsretten.

Talet aukar

Langt fleire står i fare for å få oppseiing i Helse Nordmøre og Romsdal enn dei som i første omgang fekk beskjed.

- Først trudde vi det ville bli 70, så fekk vi vite 120, så blei det 148.  Men no har vi fått beskjed om at det kan bli endå fleire, seier tillitsvald i Fagforbundet for hjelpepleiarane, Knut Ivar Egset.

Ingen ser nemleg ut til å bli spart - no kan det vere kjøkkenpersonale og vaskeassistentar som må gåm, i tillegg til mange andre - ikkje berre på Hjelset, men også i andre psykiatriinstitusjonar i Nordmøre og Romsdal.

 

Knut Ivar Egset

Tillitsvald for hjelpepleiarane i Fagforbundet på Hjelset, Knut Ivar Egset.

Foto: Roar Strøm / NRK

Folk er redde

- Det er ein stor redsel blant Fagforbundet sine medlemmar, seier Egset. Dei er livredde for at dei ikkje skal ha noko å gå til, og dette er folk som har høg alder og ikkje står i fremste rad på arbeidsmarknaden.

- Mange har seks månaders oppseiing, men dei får sluttpakke om eit tilbod på fem månader og det rimar ikkje.

Så langt har eg ikkje møtt nokon som godtek ei sluttpakke, seier den tillitsvalgte.

Fagforbundet rår alle dei som får oppseiing om gå til rettsak. Samtlege oppseiingar vil vi prøve for Arbeidsrette, seier Knut Ivar Egset.

Også tillitsvalde

Også tillitsvalde og verneombod står i fare for å misse arbeidet - dei som skal ta vare på rettane til dei oppsagde, sier Egset.

- Vi er inne i ei skikkeleg tillitskrise, seier den tillitsvalde. Vi er veldig bekymra for det samarbeidet vi skal ha framover med Helsee Midt-Noreg og Helse Nordmøre og Romsdal.

- Dei prosessane vi er inne i no bere galt avstad, seier Knut Ivar Egset.