Hopp til innhold

Kor mange må gå på Hjelset?

Det er enno ikkje klart kor mange av dei tilsette ved psykiatrisk avdeling på Hjelset som misser arbeidet fordi tilbodet skal reduserast.

Fra det gamle sjukehusområdet på Opdøl ved Hjelset.

150 psykiatri-tilsette på Hjelset ventar i spenning.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Etter planen skulle dette vore avgjort før jul, men Helse Nordmøre og Romsdal treng meir tid. Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund seier til Romsdals Budstikke at dei reknar med å ha oversikt over kor mange det gjeld i løpet av veke to.

Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund: - Målet er å unngå oppseiingar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Minst 100 av dei tilsette kan misse arbeidet når delar av psykiatritilbodet på Hjelset blir flytta til Sunnmøre. Dette blir gjort for at pasientar frå Sunnmøre skal få eit tilbod nærare heimstaden. - Målet vårt er å unngå oppseiingar, seier Arnt Sommerlund.

Helse Nordmøre og Romsdal har knytt til seg eit konsulentfirma som skal hjelpe Hjelset-tilsette med å finne anna arbeid, f.eks. i kommunehelsetenesta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL