Hopp til innhold

Her jaktar dei på styggevêret

Det har vore folksamt på Atlanterhavsvegen på Nordmøre i dag. Mange vil ha bilete av uveret.

Fotografar tar bilete av uveret Urd på Atlanterhavsvegen

Her ligg fotografane og tar bilete av dei høge bølgene ved Atlanterhavsvegen på Nordmøre.

Foto: Svein Arild Aae

Utstyrt med varmedress, ull, fotoapparat og telelinse har Svein Arild Aae og nokre kameratar vore på Atlanterhavsvegen i fleire timar i dag. Dei var ikkje åleine. Mange andre tok turen ut på berga for å sikre seg bilete av uveret Urd.

– Det er utruleg fascinerande på Atlanterhavsvegen når det er stygt ver. Tida går fort, seier Aae, som kom heim med nærare 400 uvêrsbilete.

Ikkje så nært i verkelegheita

Styresmaktene har åtvara folk om å oppsøke uveret. Aae seier at dei har stått på trygg grunn og tatt bileta, sjølv om det ser ut som dei ligg i sjøkanten. Bileta er tatt med telelinse og difor kjem bølgene nærare personane enn i verkelegheita.

– Vi var ikkje i nærleiken av å få sjøvatn på oss. Vi har vett i hovudet og veit å passe oss, seier hobbyfotografen. Han bur 15 minutt unna Atlanterhavsvegen og reiser ofte dit for å ta bilete i all slags ver.

I ettermiddag var det opplett på Atlanterhavsvegen, men det var sterk vind og dønningar. Aae seier at tang og tar vart kasta opp på land av bølgene.

– Det er fantastisk å sjå på, seier Aae.

LES OGSÅ:

Ingen skademeldingar

Verken politiet på Sunnmøre eller Nordmøre og Romsdal har fått inn meldingar om skader etter uver.

– Eg trur vi går klar det verste vêret, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Sindre Molnes.

Urd på Atlanterhavsvegen

Det blåste godt på Atlanterhavsvegen måndag ettermiddag.

Foto: Svein Arild Aae

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL