Hopp til innhold

Unge minst uroa for at klimaendringane fører til meir ekstremt vêr

Vêret kjem til å bli våtare, villare og meir ekstremt i åra framover. Likevel er det ungdomen som har mest tru på grepa til myndigheitene.

Ekstremvêret Tor

VÅTT OG VILT: Dei siste åra har særleg Nord-Noreg og Vestlandet blitt råka av alvorlege vêrhendingar.

Foto: Ole Andre Rekkedal/Truls Kleiven/Kristin Blaalid / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi ser at eldre fryktar ekstremvêr mykje meir enn dei yngre. Det er slik at særleg dei unge i aldersgruppa under 30 kanskje ikkje er så uroa for ekstremvêr og dei effektane det kan ha på samfunnet, seier Lars Galtung i If til NRK.

«Tor», «Dagmar» og «Birk» er alle døme på ekstreme vêrsituasjonar som har råka landet vårt hardt dei siste åra.

Forskarane er ikkje i tvil om at dette er ein type vêr vi vil få mykje meir av. Mange som no er godt vaksne har følt dette på kroppen, ikkje minst på Vestlandet og i Nord-Noreg.

– Alle må ta ansvar

– Når det gjeld dei unge, så har dei kanskje ikkje opplevd det i same grad som dei eldre. Men det er eit paradoks at dei unge i dag er opptatt av klima- og klimautfordringane, men ikkje av konsekvensane av ekstremvêr, seier Galtung.

Det er den sivile beredskapen i Noreg som skal trygge innbyggjarane mot meir ekstreme vêrtilhøve. Men ansvaret ligg også på den enkelte.

– Det er ikkje slik at ein kommune, fylkeskommune eller stat kan bere ansvaret åleine, det er noko som den enkelte må vere med på å ta sin del av, seier beredskapssjef i Vestland, Håvard Stensvand.

Ras etter ekstremvêr

MEIR EKSTREMT: All forsking syner at klimaendringane fører til meir ekstremvêr, også i Noreg.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det handlar om liv og helse

Over 20 prosent av dei spurde i ei ny If-gransking seier at dei kjenner på utryggleik med tanke på ras, skred, flaum og styrtregn og den skaden det kan gjere.

– Arbeidet med dette blir gjort betre og tryggare noko enn det har gjort nokon gong. Så kan igjen spørje kor tid er det godt nok. Eg håpar vi aldri kan seie at det er godt nok, seier Stensvand

Tidleg i november blir det lagt fram ein rapport om korleis myndigheitene og folk flest steller seg til klimatilpassingane.

Lars Galtung i If er overtydd om at dette er arbeid som må prioriterast framover.

– Det handlar om liv og helse. Det handlar om tryggleik der folk vil bu, og det handlar også om næringsliv og arbeidsplassar som gjer at ein får berekraftige lokalsamfunn rundt om i heile Noreg.

Haavard Stensvand

INGEN TVILAR: Beredskapssjef i Vestland, Haavard Stensvand, er tydeleg på at folk må akseptere at klimaendringane får konsekvensar.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

– Klare fakta

Eit stort fleirtal i undersøkinga meiner at det er Stortinget og regjeringa som har det største ansvaret for å hindre skadar som følgje av ekstremvêr og klimaendringar.

Beredskapssjef Håvard Stensvand er tydeleg på at ein uansett må legge vekk skepsisen mot at vi sjølv har eit ansvar for dei klimaendringane vi ser – også her i Noreg.

– Det er nokon som gjer dette til eit spørsmål om tru og tvil, og om dei trur på klimaendringane eller ikkje. Tru høyrer inn under religionsvitskapen, ikkje naturvitskapen. Det er så klare fakta på dette med klimaendringar, at det får vi berre ta inn over oss, seier han.