Hopp til innhold

– Det var eit voldsomt rabalder

– Det var ei kraftig buldring. Det verka som om det aldri skulle ta slutt.

Takplater losna

SKREMMANDE: Mange takplater losna frå huset på Stranda på Sunnmøre.

Foto: Privat

Det vart lite søvn på Preben Bjørdal på Stranda natt til søndag. Då stormen slo innover Sunnmøre, opplevde han at takplatene losna frå huset.

Preben Bjørdal

SØVNLAUS NATT: Det var umogeleg å slappe av for Preben Bjørdal og familien, då takplatene losna frå huset.

– Det var skremmande for familien. Det knaka og braka skikkeleg i veggane.

Han og kona Kari Øverås måtte ringe rundt til naboane og varsle om faren for flygande takplater.

Saman med barna Leo (15) og Ida (12) valde dei å trekke ned i kjellaren.

Havparten forsvann på vestsida

Eit slikt uvêr er ikkje kvardagskost på Kjølås på Stranda. Huset frå 1967 vart totalrenovert for seks år sidan.

– Eg hadde ikkje trudd at noko slikt kunne skje, seier han. Over halvparten av taket på vestsida forsvann.

– Kor lenge stod det på?
– Det verka som det aldri skulle slutte. Men det var nok berre i ein time.

Takplater losna

MYKJE ER VEKKE: Slik ser taket ut dagen etter uvêrsnatta.

Foto: Privat

Møre og Romsdal slapp nok unna lettare enn mange andre fylke denne gongen. Likevel skapte uvêret problem for mange:

  • Fleire ferjesamband var innstilte på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre.
  • Straumen forsvann fleire stader.
  • På Fiskå i Vanylven kollapsa eit fjøs som vart brukt til lagring av traktorar. I same bygda fauk også takplater av eit tak på ei brakke og trefte ein parkert lastebil.
  • Vegen over Strandafjellet vart stengd.
  • Fylkesvegen gjennom Follestaddalen vart stengd.
  • På Eikesdalsvegen i Molde kommune gjekk eit snøskred. Skredet ved Svarthammarbekken førte til at vegen vart stengd. Vegen opna opp att klokka 10 søndag,

Få timar med søvn

Huseigaren på Stranda er glad for at undertaket er intakt. Og at vinden ikkje øydela garasjen som er under bygging.

Det vart ikkje mange timane med søvn. Men Preben Bjørdal er glad det gjekk såpass bra som det gjekk når først uhellet først skulle vere ute.

Les meir om uvêret sine herjingar Slik så Eirik Olivers bil ut etter stormens herjinger

Bil truffet av tak i Stavanger