Hopp til innhold

Her er det NESTEN berre god stemning

Dei har over 200 reisedøgn saman og det er stort sett god stemning. Men, i bestemte situasjonar kan det koke over.

Ragnhild Mowinckel og Nina Løseth

Ragnhild Mowinckel og Nina Løseth på treningssenteret på Olympiatoppen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Alpinjentene Ragnhild Mowinckel og Nina Løseth reiser saman store deler av året og dei har mange fine ting å seie om kvarandre. Men. Det hender at det går ei kule varmt...

– Ho er ein dårleg tapar i kortspel, seier Ragnhild Mowinckel og ser ertande på lagvennina Nina Løseth.

Løseth er ikkje ueinig i denne påstanden.

– Eg blir ordentleg sint. Det er ein grunn til at eg sjeldan speler spel. I helga kokte det over og eg måtte rett og slett forlate rommet under eit slag UNO. Eg har kome til at det er best å halde seg unna, for eg hissar meg slik opp at det kan øydelegge kvelden for meg.

Giv i laget

Vi møter alpinjentene på Olympiatoppen på tampen av ein historisk norsk sesong. Dei sit på trimsyklane og trår lett og avslappa. Nina Løseth har tatt den første norske verdscupsigeren på kvinnesida på 14 år.

Løseth

HISTORISK SEIER: Nina Løseth vant slalåmrennet i Santa Caterina.

Foto: Alessandro Trovati / Ap

LES OGSÅ: Første norske seier på 14 år: – Den beste følelsen i verden!

– Det er stort å vere ein del av dette laget. Det er mange som er på veg opp og det er ein motiverande giv for tida, seier Nina Løseth

Ho meiner ho har blitt vaksnare som utøvar etter skadeavbrekket i 2012 og at mødesamt og hardt arbeid ligg bak dei gode resultata i år. Likevel er ho ikkje berre nøgd med årets sesong.

–Det er veldig lett å hugse dei dårlege renna. Eg hadde nokon duppar ned og nokre dårlege renn som framleis irriterer meg. Eg måtte ta eit steg tilbake etter sesongen, å tenkje meg litt om, for å innsjå at det har vore ein bra sesong der eg har nådd fleire milepælar, fortel Nina.

Har lært mykje om forventingar og prestasjonspress

Etter å ha hatt ein bra sesong i fjor har Ragnhild Mowinckel hatt bra resultat no på slutten av sesongen. Elles synest ho ikkje at årets resultat heilt har stått til forventningane.

LES OGSÅ: – Det er i dei tunge stundene du lærer kva som fungerer

Ragnhild Mowinckel trenar lår

Klovnebøy heiter denne øvinga som Ragnhild Mowinckel brukar for å varme opp låra.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– For meg har det vore eit frustrerande år. Det har fungert på trening, men eg har ikkje fått det ut i konkurransar. Eg har verkeleg fått kjenne på det med prestasjonspress. Eg har hatt ein "styggen på ryggen" som har øydelagt mykje for meg. Eg klarte å lukke han litt ute på slutten av sesongen og då gjekk det mykje betre.

No er planen å fortsette den gode driven som har vore no på slutten av sesongen. Også skal ho nedjustere måla sine litt for å ikkje ha så store forventningar til seg sjølv.

– Eg har lært mykje den siste tida. Vist hovudet mitt fortsett i den gode driven eg har hatt no så kan det fort bli fleire hyggelege opplevingar neste år.

Motivert etter god sesong

For Nina Løseth er det ganske lett å motivere seg for tida.

– Motivasjonen min er på topp og eg gleder meg til å kome i gang med sommartreninga, seier ei fokusert og optimistisk Løseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL