Hopp til innhold

– Det er i dei tunge stundene du lærer kva som fungerer

Ragnhild Mowinckel frå Molde føler at ho har lært mykje av motstanden ho har møtt denne sesongen. Under NM har ho fått vinnargleda tilbake.

Ragnhild Mowinckel

Ragnhild Mowinckel tok gull på tre av fire øvingar under NM i Oppdal denne veka. På den fjerde tok ho sølv.

Foto: Oppdal Alpin/Norges Skiforbund / NTB scanpix

Ragnhild Mowinckel har gjort det svært bra under NM i Oppdal denne veka. Først var ho best i utforrennet torsdag. Deretter sikra Molde-jenta seg super G-gull i fredagens renn, som også var del éin av superkombinasjonen.

I superkombinasjonens andre omgang (slalåm) heldt ho alle dei andre bak seg og sikra seg nok ein seier. Under storslalåmrennet laurdag køyrde ho også inn til ein andreplass bak Nina Løseth.

– Eg er veldig fornøgd med NM. Det er kult å kunne ta tre gull på rappen og i tillegg få sølvmedalje på storslalåmrennet. Det er det beste NM eg har hatt nokon gong, så det er ganske stort, seier Mowinckel.

Vanskeleg sesong

Forventningane til Mowinckel var svært høge før årets sesong. Med gode resultat i den førre sesongen låg alt til rette for enno betre prestasjonar denne vinteren. Men slik gjekk det dessverre ikkje.

Mowinckel på trynet

I Garmisch køyrde Ragnhild Mowinckel rett ut. Stort sett har 23-åringen plassert seg rundt 20.-plass, med ein 6.-plass frå superkombi i Val D'Isere før jul som beste plassering.

Foto: DOMINIC EBENBICHLER / Reuters

Topplasseringane har mangla og nedturane har vore mange for Molde-jenta. No er ho glad for å kunne avslutte sesongen på topp.

– Det er kjekt å få ein opptur på slutten av ein litt halvdårleg sesong. Det var herleg å få tilbake litt av vinnargleda og sjå at eg faktisk får det til, seier Mowinckel.

For 23-åringen har ikkje tenkt å gi opp med det første.

– Resultata under NM gir meg ekstra motivasjon utover vårparten og innover mot neste sesong. Det er godt å ha med seg, seier ho.

Ser framover

No ønskjer Mowinckel å sjå framover mot neste sesong. Ho fortel at ho har lært mykje av motstanden ho har møtt denne vinteren.

Ragnhild Mowinckel jublar i VM

Mowinckel fortel at ho har lært mykje av årets sesong. No ønsker ho å sjå framover.

Foto: Jeffrey Swinger / Reuters

– Du lærer mykje om deg sjølv når ting ikkje går som planlagt. Det er i dei tunge stundene at ein finn ut kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Eg merka at det losna litt meir på slutten, og eg har blitt flinkare til å vite kva eg skal tenke på for at det skal gå bra, seier ho.

– Eg vil halde fram i det drivet eg er i no, så det blir spennande å sjå kor det går innover mot neste sesong, held ho fram.

Men Molde-jenta fortel at ho nok kjem til å justere ned ambisjonane før neste sesong.

– No hadde eg ganske høge ambisjonar før denne sesongen enn eg har hatt før, og det er jo naturleg når ein har hatt eit godt år. Denne sesongen har derimot ikkje vore heilt optimal, så eg kjem nok til å senke både skuldrene og forventningane litt meir denne gongen, seier Mowinckel.

– Det får gå som det går, og så får eg heller bli gledeleg overraska dersom det går bra, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL