Hopp til innhold

Havyard innfører firedagarsveke

Verftskonsernet Havyard tek i bruk firedagarsveke i deler av konsernet for å redusere behovet for permitteringar og unngå oppseiingar.

Geit John Bakke

Havyard tek no i bruk firedagarsveke for delar av konsernet. Dei tilsette går også ned 15 prosent i løn.

Foto: Havyard

Produksjonen på verftet i Leirvik og i Havyard MMC blir det arbeid som vanleg. Havyard har hovudkontor i Fosnavåg.

– Dei som blir omfatta av dette er Havyard group og leiinga inkludert meg, designavdelinga som ligg i Fosnavåg og HPS power and systems som ligg i Ålesund. Det gjeld også alle i administrasjonen og ved teknisk avdeling i Leirvik i Sogn. Produksjonsdelen her blir ikkje ramma, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.

200 tilsette går ned i løn

Han er glad for å ha tilsette som på denne måten er med på å ta ansvar. Konsernsjefen fortel at 200 tilsette no går ned i lønn som eit solidarisk tiltak.

– Vi gjer dette fordi vi hadde gode erfaringar med ei slik ordning i fjor. Det er også eit solidarisk ordning der vi har ein fridag i veka for den som kan ta fri. Dei fleste må likevel jobbe, inkludert meg sjølv, og i tillegg går alle 15 prosent ned i løn, seier Bakke.

Perioden som er avtalt er mars og april.

– I tillegg er det eit kostnadsreduserande tiltak der vi reduserer produksjonen og dermed slepp og innføre permitteringar, held Bakke fram.

God ordresituasjon

Konsernsjef Bakke seier ordresituasjonen er god, men at firedagarsveke blir teke i bruk for å tilpasse arbeidsstokken til dei arbeidsoppgåvene som konsernet har no.

– Vi arbeider innan fleire marknadssegment og ser no nytta av det. Havyard MMC som leverer utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa har så stor etterspurnad at dei har tilsett fleire nye.

Havyard Ship Technology i Leirvik skal levere fleire skip i år. Det er blant anna eit vindmølleserviceskip og to isbrytarar. Til neste år er det inngått kontrakt på ein brønnbåt med opsjon på ytterlegare eit fartøy.

– Vi ser at det tek lengre tid i dagens marknad enn det gjorde før, men vi trur og håpar vi kan kunngjere nye kontraktar om ikkje så lenge, seier Bakke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL