Hopp til innhold

Norsk skips­verft blir seld til Tyrkia: – Dette skaper framtids­tru

Det norske skipsverftet Havyard Leirvik blir seld til eit tyrkisk selskap. Enkelte er uroa, men verftssjefen er positiv til salet.

Havyard

HYLLESTAD: Bransjeforeininga Norske Skipsverft håper oppkjøpet betyr at dei tyrkiske eigarane vil investere og satse i den norske marknaden.

Foto: Brit Jorunn Svanes

I Leirvik i Hyllestad har dei bygga skip i over 85 år.

Lokalsamfunnet kransar rundt hjørnesteinsbedrifta Havyard der arbeidsoppgåver har gått i arv gjennom generasjonar.

No går verftet ei ny tid i møte, etter at det norske Herøy-baserte selskapet Eqva sel verftet til tyrkiske Tersan Shipyard.

Frå før har det tyrkiske selskapet om lag 4200 tilsette på to verft i Tyrkia, eit utanfor Istanbul og eit i Yalova.

Les også Styresmaktene vil hjelpe norske verft – men bygger skip i utlandet

Kleven verft

Vi er trygg på at Tersan vil vere ein sterk ny eigar for Havyard Leirvik, med tydeleg strategisk interesse for å halde fram sin stolte industrielle tradisjon, fortel styreleiar i Eqva, Even Matre Ellingsen.

Han peiker på at det nye eigarselskapet er ein leiande aktør med solid ekspertise og stort kundenettverk.

For Eqva er det viktig at vi overlét verftet i gode hender, seier Matre Ellingsen.

Havyard Leirvik

Verftet i Hyllestad på Vestlandet blir ein del av det tyrkiske selskapet Tersan.

Foto: Håvard Breidvik

Kan gå fleire retningar

Kva som blir utfallet av oppkjøpet, er for tidleg å seie, fortel Hugo Strand, styreleiar i bransjeforeininga Norske Skipsverft.

Han peiker på fleire moglege utfall.

Anten kan Tersan satse langsiktig, og investere i norsk skipsbygging med nybygg i Hyllestad.

Eller så kan verftet bli eit serviceverft for skip som vert bygd i Tyrkia.

– Mange frykter at Havyard blir omgjort til eit serviceverft som skal drive med vedlikehald og garantiarbeid, fortel han.

– Men er det negativt for Havyard eller generelt for norske verft?

– Dersom det skjer, vil det utvilsamt vere negativt for norsk skipsbygging og verdiskaping.

Les også Alarm etter sal av kritisk infrastruktur til utlandet

I2O44yhmYsQ

Tersan opplyser at oppkjøpet vil styrke deira posisjon i Nord-Europa og auke produksjonskapasiteten.

– Me har trua på at kjøpet vil vere eit kraftig steg framover for selskapet, seier Ahmet T. Paksu, som sit i styret til Tersan Shipyard.

Leiaren i fagforeininga Morten Langeland står i eit stillas i Hyllestad

LETTA: – Dette skaper ei framtidstru her på verftet, seier Morten Langeland, klubbleiar for Fellesforbundet på Havyard.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Ser fram til å bli ein del av Tersan

Administrerande direktør i Havyard Leirvik, Tor Leif Mongstad ser lyst på oppkjøpet.

Han meiner dei må inn med større prosjekt for å ha nok omsetning til å drive verftet.

Det er eit svært anerkjend selskap med godt omdøme i internasjonal skipsfart, og som har ein klar ambisjon om å styrke sin posisjon ytterlegare.

– Ambisjonane er heilt tydelege om at me no skal begynne med nybygg, fortel Mongstad.

Han deler optimismen med ordførar Kjell Eide (Ap) i vestlandskommunen.

– Eg trur dette blir bra. Dette er ein kjend aktør som er finansielt sterk, og dei har tankar om å utvikle verftet, meiner Eide.

Han håper dette vil bety at det snart kjem nye skipsbygg i dokken i Hyllestad.

Les også Noreg har «slutta» å byggje ferjer

Verdas største brønnbåt

Havyard Verft i Hyllestad i Sogn

Bransjeforeininga Norske Skipsverft håper oppkjøpet betyr at dei tyrkiske eigarane vil investere og satse i den norske marknaden.

Foto: Oddmund Haugen / NRK