NRK Meny
Normal

Spår byggjebonanza i bygdene

Eigedomsmeklar Johnny Kragset i Volda trur den nyopna Kvivsvegen vil gje stor tilflytting av innbyggjarar – dersom alle får sikra skule, barnehage og fritidstilbod.

Eigedomsmeklar Johnny Kragset kvivsvegen

Fritt leide mellom Volda, Austefjorden, Grodås, Nordfjord, Stryn og Stranda kan ende i god butikk for eigedomsmeklarane.

– Å opne ein ny veg er som å sleppe til ei ny elv. Det kjem alltid meir vatn i leiet enn fyrst venta. Slik var det med Eiksundsambandet, og slik kjem det til å verte med Kvivsvegen også, seier Johnny Kragset – dagleg leiar i Kragset Eigedomsmekling

Johnny Kragset

Eigedomsmeklar Johnny Kragset.

i Volda.

I likskap med 3.000 andre, var han på opninga av Kvivsvegen laurdag – milliardprosjektet som opnar opp ei ny hovudpulsåre mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Sjå video av opninga

Dobbelt over takst

Etter nesten hundre års venting er det endeleg brei veg og fritt leide mellom Volda, Austefjorden, Nordfjord, Grodås, Stryn og Stranda.

Folk i områder som tidlegare låg utanfor allfarveg har plutseleg fått orkesterplass til tungtransport, næringsliv, pendlarar og andre reisande. Kragset trur trafikkstraumen kjem til å skape grobotn for massiv busetnad langs vegen.

– Vi ser allereie at det er større interesse for eigedomar her inne enn tidlegare. Inne på Kalvatn selde vi ei tomt som gjekk for dobbelt over takst. Folk bur seg på den komande tida, seier Kragset.

Han får støtte av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete, som under opninga av Kvivsvegen uttalte at også ho er sikker på gode vekstkår som følgje av den nye strekninga.

Må meir til

Men dersom det skal verte byggje-bonanza, må det meir til enn berre veg og entusiasme.

– Ja, både barnehage, skule, butikk og andre fritidstilbod er viktige for å få folk til å flytte hit. Det er også viktig at kommunen lettar byråkratiet, og legg godt til rette for folk som vil ta initiativ og setje i verk prosjekt her inne, seier Kragset.

Det kan fort verte verkelegheita. Volda-ordførar Arild Iversen stadfestar nemleg at kommunen vil satse på Austefjorden no når Kvivsvegen er opna.

Ordfører Arild Iversen i Volda

Volda-ordførar Arild Iversen

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Volda vil satse

– I Fyrde sentrum har vi allereie etablert eit byggjefelt i kommunal regi, der tomtene vil vere klare frå våren av. I tillegg har private grunneigarar teke initiativ til det same inne på Kalvatn, seier Iversen.

Bygdefolket har også fått barnehage og ny skule, etter at den førre brann ned for nokre år sidan. Ordføraren stadfestar rett og slett at det skal satsast på bygdene i Volda kommune.

– Vi veit at der er mange som har hatt ein draum om å busetje seg i Austefjorden, men ikkje fått høve til å gjere det. Etableringsperioden til unge folk er relativt kort, så vi kjem til å handle no, seier Iversen.