Hopp til innhold

Eiksundtunnelen opna igjen etter mistanke om brann

Melding om røykutvikling frå ein buss førte til stengt tunnel tysdag ettermiddag.

Røykutvikling Eiksundtunnelen.

Politiet fekk først melding om røykutvikling frå ein buss inne i Eiksundtunnelen mellom Ulstein og Ørsta.

Tunnelen vart stengd, og naudetatane rykte ut.

Etter kvart blei røykdykkarar sende inn for å finne ut om ein buss sto i brann der, men politiet melder på X at ingen buss var å finne:

– Brannvesenet har tatt seg gjennom med røykdykkarar, utan å sjå nokon buss. Det er imidlertid meldt om røyk frå ein elektrisk installasjon.

– Bussjåfør tok kontakt

Klokkka 14.40 meldte politiet at tunnelen var open igjen, og den sakna bussen hadde dukka opp:

– Bussjåfør tok kontakt med patruljen. Forklarte at bussen hadde gått tom for vantn. Etter å ha utbetra dette utvikla det seg ein del damp. Bussen er sjekka ut av naudetatar, ingen teikn til røyk. Tunnelen er open, skriv politiet på X.