Hopp til innhold

Jaktlaget er klart viss ulven kjem

Det har vore observert ulv i områda nord for Eidsfjorden og Hornindalsvatnet fleire gonger dei siste månadane, men ulvejakta har ikkje ført fram. Eit jaktlag er klart i Stranda dersom ulven skulle dukke opp.

Ulv skutt Sykkylven

Ulven som i fjor herja i saueflokkane på indre Sunnmøre, blei til slutt skoten i Sykkylven. No er dei klare med jaktlag i Stranda, dersom ulven skulle dukke opp.

Foto: Robert Kvam

Jan Ove Tryggestad

FØLGJER MED: Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune seier dei følgjer med på observasjonar av ulven.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Me følgjer nøye med på observasjonar som skjer i Hornindal og i Nordfjordeidområdet, det er jo der han sist er sett, seier ordførar og saueeigar Jan Ove Tryggestad.

Områda ulven er observert i, ligg nær både Stranda, Ørsta og Volda kommunar, og Tryggestad seier dei er budde.

– Me har lært litt av den historia me hadde i fjor, slik at me har eigne jaktlag som er operative, seier han.

– Dei har den kompetansen og kvalifikasjonane som skal til for å gå inn og aktivt ta del i ei eventuell jakt, dersom ulven kjem over på andre sida, seier han.

Ser ut til å ha slått seg til ro

Jegrar fann ulvespor

FANN SPOR: Måndag denne veka fann jegerane ferske spor i eit område i Stigedalen.

Foto: privat

Ordføraren i Stranda har sjølv 160 sauer som beitar i Ørsta og Stranda. Han er klar over at vegen er svært kort frå områda der det er observert ulv i Sogn og Fjordane.

– Det er veldig kort avstand, og det som er litt overraskande er at ulven ser ut til å ha slått seg til ro, viss det er det same dyret, seier Tryggestad.

– Han har tydelegvis vore i same område i to til tre veker, og det er overraskande, seier han.

– Vanskeleg å føresjå

lam tatt av ulv

TEKNE: Fleire lam vart tekne av ulv i Sykkylven i fjor.

Foto: Tor Arne Tryggestad

Ulven som var på streif i Stranda i fjor, har gjort at dei no er godt budde på ny visitt av gråbein.

– Det me opplevde i fjor, med det dyret som kom på trekk var at han bevega seg veldig raskt, over store avstandar. Den flytta seg frå dag til dag, seier han.

– Det er klart at viss det er ulv som er på trekk frå andre deler av landet, så er det vanskeleg å føresjå kvar han dukkar opp i neste omgang, seier han.

Vil ha fellingsløyve

Sjølv om jaktlaget er klart i Stranda kommune får dei ikkje løyve til å felle ulven før det er klare bevis på at han har vore innanfor fylket.

Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Sau og Geit er opprørt over å ikkje få jaktløyve.

Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

LØYVE: Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Sau og Geit er opprørt over at jaktlaget ikkje får jaktløyve på ulven før det er klare bevis på at han har vore innanfor fylket.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Me ser det naturleg at det ville blitt gitt fellingsløyve i og med at jakta går føre seg heilt på fylkesgrensa til Nordfjord, og grunngjevinga med at ulven må krysse grensa før dei kan gi løyve, det forstår me ikkje, seier han.

– Kryssar han ikkje grensa, så blir det heller ikkje felt nokon ulv, legg han til.

Han meiner det som uforståeleg at jaktlaget ikkje har fellingsløyve.

– Når me veit at me er på kysten på kysten på Vestlandet, og ulven skal vera på svenskegrensa. Då er du komme så langt vekk frå der ulven skal vera at det ikkje burde vera naudsynt å søkje fellingsløyve, seier han.

– Det burde vore fri jakt på ulv i desse områda, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL