Ulvejakta var i utgangspunktet over torsdag kveld, men i løpet av dagen har rovdyret blitt sett i det same området der ein fann tydelege spor sist måndag.
– Vi snakka med dei som styrer med dette hos Fylkesmannen, og vi fekk forlenga jakta til i morgon klokka 15, fortel leiar i Eid sau og geit, Arve Dahl.
Ulven har teke fleire husdyr i området mellom Eidsfjorden og Hornindalsvatnet, og Dahl vonar no at jegerane klarer å finne dyret.
– Ære vere dei til dei som no er med slik at vi kan få ein slutt på dette. Vi må ta vare på husdyra og då må vi gjere det som er rett og lov, og når det er lov så gjer vi det, seier Dahl til NRK.
- Les også:
- Les også:
Jaktlaget som no skal gjere ein siste innsats for å få teke ut det glupske rovdyret har mellom anna fått hjelp frå nokre av dei som var med og skaut ulv i Naustdal i fjor.
Bønder på begge sider av fylkesgrensa vonar no at jakta kan få ein lukkeleg slutt for dei, og ein langt mindre lukkeleg slutt for ulven.
– Eg håpar at vi no klarer å ta ulven, slik at vi unngår unødige lidingar for husdyra. Det er ikkje så enkelt, men det skal det ikkje vere alltid heller.