Hopp til innhold
Sau drepen av ulv på Lavikdalen i Sogn

Har fått fellingsløyve på sauedrepande ulv

Fleire drepne sauer gjer at det no er gitt fellingsløyve for ein ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler. Men sjansen for å finne rovdyret er svært liten, meiner Statens naturoppsyn.

Mogleg ulvespor, Drivafjellet i Fjaler

Skiløpar følgde ulvespor i fjellområde

Statens naturoppsyn er no ute og leitar etter at ein skiløpar følgde det som truleg er ulvespor i fjellområda mellom Fjaler og Hyllestad.

Jerv (Gulo gulo)

«Drapsmaskina» som forsvann

Talet på beitedyr som er drepne av jerv har stupt etter at regjeringa i 2015 opna for meir omfattande jakt på det freda dyret.

Gunhild Berge Stang

Venstre-ordførar håpar dei snart får tatt ulven som herjar i saueflokkane

Stadig nye ulveobservasjonar gjer at sauebøndene i Fjaler er spente før sauesankinga. – Uhyre viktig at ulven vert felt så raskt som råd, seier ordføraren.

Sauekadaver i Lavikdalen

Fryktar ulven kan ha tatt 50 sauer

Det er gjort endå ein observasjon av det som mest truleg var ein ulv. Denne gongen i Folkestad i Fjaler. Observasjonen vart gjort laurdag. Same dagen vart det funne ein skadd sau i nabobygda Skifjorden i Hyllestad.

Ulvejegar i Lavikdalen

Jaktar etter ulv – torer ikkje å stå fram med fullt namn

LAVIKDALEN (NRK): I området som har vore plaga av ulv i sommar, kjem det no frivillige jegerar frå andre stader for å prøve å felle ulven. Mange av dei er redd for hets og torer ikkje å stå fram offentleg.

Lam truleg skadd av ulv

– Det er ingen tvil om at ulven er i området

Lammet som fredag vart funne med skadar i bringa, vart angripen av ulv.

Lam truleg skadd av ulv

Kan dette lammet ha overlevd ulven?

Fire nye kadaver og eitt skadd lam. Laurdag er SNO tilbake i fjellområda mellom Hyllestad og Høyanger for å sjå om det er ulv som har vore på ferde.

Sauekadaver i Lavikdalen

Tapstala stig etter nye kadaverfunn i Lavikdalen

I går og i dag er det gjort funn av fire nye sauekadaver i Lavikdalen. – Det er uråd å seie om det er ulv eller ikkje som har teke dei, seier beitelagsleiar Ove Sørestrand.