Hopp til innhold

Granskar sjukepleiar for snoking i 250 journalar

Ein sjukepleiar i ein sunnmørskommune er mistenkt for å ha snoka i 250 pasientjournalar. Datatilsynet meiner mange kommunar gir helsepersonell alt for vide fullmakter.

Pasientjournaler

Helsetilsynet og politiet granskar saka etter at ein sjukepleiar skal ha snoka i 250 journalar i ein sunnmørskommune. Saka skal ha blitt oppdaga tilfeldig, fordi sjukepleiaren skal ha lagt igjen elektroniske spor.

Foto: Colourbox

Det var ein tilfeldig rutinekontroll som skal ha gitt arbeidsgjevaren signal om at noko var gale. Ifølgje kommunalsjefen skal dei ha funne elektroniske spor i journalane til 250 pasientar frå ein sjukepleiar som ikkje hadde behandlaransvar for nokon av dei.

– Dersom dette viser seg å stemme er svært uheldig. Vi ønskjer å vere ein trygg leverandør av tenester til innbyggjarane våre. Dei skal ha tillit til oss og kunne stole på oss som tenesteleverandør, seier kommunalsjefen i den aktuelle kommunen.

– Er det noko system i dei journalane ho skal ha snoka i? Er det journalane til vener, naboar eller andre?

– Det kan eg ikkje svare på, seier kommunalsjefen. Ho seier dei ikkje veit i kor mange år snokinga kan ha pågått.

Meld til politiet

Kvinna er ein erfaren sjukepleiar, har fast jobb i sunnmørskommunen, men er midlertidig fråteken arbeidsplikta. Nyleg blei saka meld til politiet, parallelt med at Fylkesmannen granskar om ho har brote helsepersonellova §21a, som skal hindre at uvedkomande snokar i pasientjournalane til folk.

Grete Teigland, direktør i helse- og sosialavdelinga

Direktør i helse- og omsorgsavdelinga hos Fylkesmannen, Grete Teigland, karakteriserer saka som alvorleg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dersom det er snakk om journalsnoking, er det ulovleg. Helsepersonell har ikkje lov til å gå inn i journalar utan å ha behandlaransvar for vedkomande, seier direktør Grete Teigland ved helse- og omsorgsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Kor mykje er 250 journalar? Kor alvorleg er saka?

– Det er mykje. Dersom nokon går bevisst inn i journalane til 250 pasientar for å lese, er det alvorleg, seier ho.

Etterlyser betre rutinar

Det har vore fleire saker dei siste åra der helsepersonell har mist arbeidet sitt og fått bøter for pasientsnoking. Men verken Fylkesmannen i Møre og Romsdal eller Datatilsynet har høyrt om saker som omfattar så mange som 250 journalar.

Datatilsynet slår fast at mange kommunar har gode tekniske system, men ikkje avgrensar godt nok kor mange som har tilgang til å gå inn i journalane til pasientar dei ikkje er behandlarar for.

Camilla Nervik

Juridisk seniorrådgjevar Camilla Nervik i Datatilsynet etterlyser betre rutinar hos kommunane.

Foto: Datatilsynet

– Det er ein gjengangar på tilsynsrundane våre at det har vore gitt for vide tilgangar og at det er for dårleg kontroll med faktisk bruk, seier seniorrådgjevar Camilla Nervik i Datatilsynet.

Ho meiner det er heilt avgjerande for tilliten til helsevesenet, at folk ikkje opplever at uvedkomande snokar i journalane deira.

– Dersom du trur at legen ikkje tek ordentleg vare på det du fortel, vil du kanskje heller ikkje fortelje det du bør til legen. Det kan få større konsekvensar enn at du ikkje har tillit til legen, men det kan gjere at du ikkje får den helsehjelpa du treng, seier ho.

Les også:

Gjennomgår rutinane

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppretta ei eiga tilsynssak mot kommunen, og kommunalsjefen seier dei no går gjennom rutinane sine for handtering av journalar.

– Vi har dessverre ikkje hatt gode nok kontrollrutinar. Vi vil no gå gjennom dette og sikre oss at det blir betre, seier ho.

Sjukepleiaren ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL