Karl Andre Birkhol er innstilt som ny kommunedirektør i Giske kommune. Innstillinga frå forhandlingsutvalet er einstemmig, og Birkhol får tilbod om jobben viss formannskap og kommunestyre sluttar seg til saka i neste veke. 53 år gamle Birkhol er i dag kommunedirektør i Fjord.
Fleire tilsette i Giske kommune har planar om å slutte på grunn av vanskelege arbeidsvilkår, skriv lokalavisa Øyblikk.
Verneomboda i kommunen har sendt eit brev til kommuneleiinga. Der blir det hevda at fleire av tenesteområda er på eit kritisk nivå når det gjeld bemanning, sjukmeldingar og andre følgjer av omleggingar i kommunen.
Ordførar Harry Valderhaug (bildet) seier til NRK at denne saka skal opp på eit møte - der kommuneleiinga skal lytte til innspela frå verneomboda. Formannskapet har allereie diskutert å auke ramma til omsorgssektoren - i lys av nye løyvingar gjennom revidert nasjonalbudsjett.
Dag Olav Tennfjord held fram som kommunedirektør i Giske kommune. Det skriv Sunnmørsposten. Tennfjord var innstilt som ny kommunedirektør i Lesja kommune, men blei nedstemt med ei stemme i kommunestyret. Tennfjord hadde ikkje sagt opp jobben i Giske og held difor fram i den.
Kommunedirektør i Giske, Dag Olav Tennfjord, sluttar i jobben. Han er innstilt som kommunedirektør i Lesja og har varsla at han kjem til å takke ja til stillinga. Det melder Giske kommune på sine heimesider. Tennfjord har vore kommunedirektør i Giske sidan september 2021.