Tobarnsmor Trine Klemetsen frå Sunnmøre fekk kaffien i vrangstrupen då ho nyleg skal ha fått telefon frå ein nabo, om at guten hennar var sett på kamera i naboen sin oppkøyrsel.
– Vi er inne i ei gråsone der barn blir overvaka i eige nabolag, og eigentleg ikkje er klar over det, seier Klemetsen.
Ho meiner ho ser ein trend der folk truar med videobevis av at ungar leikar på eigedommen deira.
Nyleg delte ho eit innlegg i ei lokal gruppe på Facebook, der ho skreiv kva ho tenkte om temaet.
Har fått mange tilbakemeldingar
Fleire enn 700 har reagert med hjarte og likes på innlegget, og i omtrent alle dei over 80 kommentarane under seier folk seg einige med Klemetsen.
– Det var ein overveldande respons og det er tydeleg at fleire har tenkt på det same.
Men det er òg nokon som tek til orde for at foreldre må passe på barna sine, og at dei ikkje har noko å gjere på andre sin eigedom.
I den same gruppa har det tidlegare vorte delt eit innlegg der nokon skriv at dei har video av ungar som ringjer på døra og stikk av. Og at viss nokon lurer på om det er deira barn, kan dei ta kontakt.
HAR BILETE: Ei kvinne reagerte på at nokon ringde på og stakk av. Ho sa ho hadde bilete av barna.
Foto: Skjermbilde fra FacebookIkkje ulovleg å filme
Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, seier det ikkje er ulovleg å filme rundt huset sitt.
UTHENGING: Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, seier det ikkje er greitt å filme barn utan at dei veit det, og leggje det ut på nettet.
Men det er når dette blir teke opp og eventuelt publisert, at det blir problematisk.
– Det er å setje barna i ein gapestokk og henge dei ut på ein ufin måte. Å ta opp video og leggje det ut på nettet, det skal ein ikkje gjere. Det er ikkje ein praksis som er heldig, seier Thon.
Han legg til at det er viktig å hugse på at det ein legg ut på nettet ikkje blir borte.
Vil ha mindre overvaking
Trine Klemetsen understrekar at det ikkje er greitt at ungar driv med hærverk eller plagar folk med gjentakande «ring på spring».
Men ho synest ikkje barn skal risikere å bli filma, og trua med videobevis, av at dei leikar i nabolaget. Sjølv om dei innimellom er innom andre sine eigedommar.
SKREMT: Ei mor skriv at ho har opplevd at barna hennar har vorte filma. Ho ønskjer ikkje å gå ut med namn.
Foto: Skjermbilde fra FacebookBjørn Erik Thon i Datatilsynet svarer igjen at det er veldig uheldig, og sannsynlegvis ulovleg, om opptak av barn som leikar blir publisert. Men meiner det må vere greitt om ein ser barn i kameraet utanfor huset.
– Då får heller barna leike ein stad der dei ikkje trur det er kamera.
Tips oss!
Har du tips? Send meg ein e-post!
Vil du lese fleire saker frå Møre og Romsdal, finn du dei her.