Rauma er ute av Robek-lista
Rauma kommune er no meldt ut frå Robek-lista. Det melder Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Robek-lista er eit register over kommunar som er i økonomisk ubalanse, og der staten har tatt kontroll over økonomien og avgrensar mellom anna nye låneopptak.
Rauma kom på Robek i 2021 etter at kommunen sitt årsrekneskap for 2020 viste at meirforbruket frå 2019 ikkje blei dekt inn innan fristen på to år.
No viser rekneskapen for 2023 eit resultat på knappe 2,8 millionar etter at tidlegare underskot er dekt inn, melder statsforvaltaren.