Hopp til innhold

Frakta til sjukehus etter ulykke i tunnel

Føraren av ein lettmotorsykkel er frakta til sjukehus etter ei ulykke i Alnestunnelen på Sunnmøre.

Ulykke i Alnestunnelen

ULYKKE: Alnestunnelen i Giske kommune blei stengt som følge av ulykka.

Foto: Terje Reite / NRK

– Føraren var våken, men klaga på smerter i kroppen. Han er no frakta til traumemottaket ved sjukehuset i Ålesund, seier John Bratland, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var like før klokka 12.00 søndag at politiet fekk melding om ei motorsykkelulykke i Alnestunnelen i Giske kommune. Alle naudetatane rykte ut til staden.

– Ulykka skal ha skjedd då ein lettmotorsykkel køyrde inn i bakenden på ein bil som svinga ut på ei møtelomme inne i tunnelen, seier operasjonsleiaren.

Det var berre ein person på lettmotorsykkelen. Føraren skal vere ein gut i tenåra.

Dei i personbilen skal ikkje ha blitt skadd i ulykka.

Frakta til traumemottak

Ulykke i Alnestunnelen i Giske.

Alle naudetatane rykte ut til ulykka.

Foto: Terje Reite / NRK

Klokka 12.17 opplyste politiet at lettmotorsykkelføraren fekk behandling av helsepersonell på staden og at det var snakk om personskadar.

Omtrent eit kvarter seinare sa politiet at føraren var sendt til sjukehus med ambulanse. Det blei først meldt at ei luftambulanse var på veg til staden, men denne skal ha returnert.

Tunnelen var stengt i ei periode som følge av ulykka, men blei opna for trafikk i 12.30-tida.

Politiet har i 13.00-tida avslutta på staden og opprettar ei sak på forholdet.

Alnestunnelen ligg i Giske kommune på Sunnmøre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL