Hopp til innhold

Fylkesleiar: – Eg støttar nynorskglede, ikkje nynorsktvang

Høgre går inn for å kvitte seg med sidemålskarakteren. Fylkeslaget i Møre og Romsdal er delt i avgjerda.

Dag Olav Tennfjord

SIDEMÅL: Nesten 90 % av elevar i Noreg har nynorsk som sidemål. På Høgres landsmøte vart det bestemt å gå inn for å fjerne karakteren i sidemål. Høgre Møre og Romsdal er delt i avgjerda, sei fylkesleiar Dag Olav Tennfjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Under Høgres landsmøte vart det vedtatt at partiet skal gå inn for å fjerne karakteren i sidemål på norske skular.

– Fylkeslaget er delt i denne saka. Vi har ikkje eit klart syn på dette. Som ordførar i ei nynorskkommune, må eg seie eg er skeptisk, seier fylkesleiar og ordførar i Skodje kommune, Dag Olav Tennfjord.

Berre 11 % har nynorsk som hovudmål

Ifølgje Riksmålforbundet var det i skuleåret 2015/2016 berre 11 % i grunnskulen som hadde nynorsk som hovudmål.

Sogn og Fjordane det einaste fylket der nynorsken har ein dominerande posisjon. I Møre og Romsdal vippa nynorskdelen så vidt over 50 prosent i skuleåret 2015/2016.

Fylkesleiaren i Høgre er ordførar i ei nynorskkommune, og skriv sjølv på nynorsk.

– Eg vil kjempe for nynorsken, men det er ikkje hovudkampsaka mi. Etter eg vart ordførar måtte eg friske opp nynorsken. Eg vart glad i det, og eg kjenner at det å skrive personlege meldingar på bokmål blir plutseleg veldig feil, seier Tennfjord.

Tennfjord forstår argumenta

Høgre vil redusere karakterar i norskfaget frå tre til to, éin for munnleg og éin for skriftleg norsk. Sjølv om fylkeslaget er splitta i avgjeringa, ser fylkesleiaren argumenta.

– Eg støttar nynorskglede, ikkje nynorsktvang. Det er ikkje snakk om å fjerne faget, men å fjerne karakteren. For framandspråklege er det dei tyngste argumenta for det, fordi dei må lære seg to variantar norsk.

– Eg synest det er veldig bra å lære begge formene. Det handlar ikkje om det praktiske, men om identiteten. Argumenta er at ein kan bruke meir tid på litteratur og oppleve sidemålet, i staden for å terpe på å skrive det, seier Tennfjord.

At berre 11 % har nynorsk som hovudmål har mykje med fråflytting å gjere, meiner Tennfjord.

– At så få vel nynorsk som hovudmål er at folk flyttar til byar som har bokmål som hovudmål. Nokre byar brukar nynorsk, men det krev ein meir aktiv interesse for språket å skrive nynorsk i ei bokmålskommune.

Noregs Mållag er skuffa

Fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane viste opposisjon for forslaget under landsmøtet. Noregs Mållag er ikkje fornøgd med resultatet.

– Det er slik at dei over 75.000 elevane som veks opp med nynorsk hovudmål, treng å møte til dømes lærarar, prestar, juristar som også kan nynorsk. Høgre sin politikk fjernar denne kompetansen frå samfunnet.

– Eg synest det er underleg at eit parti som så tydeleg snakkar om kunnskap i skulen, er i stand til å føreslå at 85 % av elevane ikkje skal få kunnskap i skriftleg nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.