Hopp til innhold

Han møter sidemåls-opprør frå vest

Programkomitéen i Høgre vil skrota karakteren og eksamen i norsk sidemål, men det møter sterk i motstand frå Vestlands-Høgre – no også frå Hordaland.

 Torbjørn Røe Isaksen

STORM FRÅ VEST: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som har leia arbeidet med det nye partiprogrammet i Høgre, trur ikkje sidemåls-opprøret frå vest vinn fram på landsmøtet i helga.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Sara Lysgård og Hanna Fredheim

SIDEMÅL VIKTIG FOR NYNORSK: 1.-klassingane Sara Lysgård (t.v.) og Hanna Fredheim ved Sogndal vidaregåande skule

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– At Hordaland Høgre har snudd, er veldig fint. På Vestlandet møter elevane bokmål heile tida, men austlandselevar vil ikkje koma borti nynorsken viss ikkje dei oppsøkjer han sjølv, seier elev Sara Lysgård ved Sogndal vidaregåande skule.

Lysgård og klassevenninna Hanna Fredheim tykkjer lite om at Høgre på landsmøtet til helga kan koma til å skrota både karakteren og eksamen i sidemål.

– Det er avgjerande for fellesskapen at norsk ungdom kjem borti nynorsk og bokmål, seier Fredheim.

– Ja, det er veldig viktig for den gjensidige respekten for begge målformene, seier Lysgård.

Elevane får politisk støtte frå uventa hald: Det mektige Høgre-fylkeslaget i Hordaland har nemleg endra haldning og vil kjempa for sidemålet – både karakteren og eksamen.

Bles ein identitetsvind i vest

I statsministeren sitt heimfylke har Unge Høgre og Bergen Høyre tradisjonelt kjempa mot sidemålet, men på fylkesårsmøtet nyleg blei det for fyrste gong eit klart fleirtal for å bevara det.

Tom Georg Indrevik

NYE NYNORSK-TONAR FRÅ HORDALAND: Nestleiar Tom Georg Indrevik i Hordaland Høgre

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det bles ein slags identitetsvind over heile Vestlandet, seier nestleiar Tom Georg Indrevik i Hordaland Høgre.

– Her har vore ein stor regionsdiskusjon, som mellom anna har handla om identiteten til denne landsdelen, og då er språk og nynorsk viktig. Og dette greip òg inn på fylkesårsmøtet vårt, seier han.

Glad for draghjelp

I nynorskbastionen Sogn og Fjordane har Høgre vore på kollisjonskurs med moderpartiet i sidemålssaka i alle år.

Stortingskandidat Frida Melvær er difor glad for draghjelpa frå vestlandsfylket i sør. Melvær skulle ønskja at partiet slapp ein ny sidemålsdebatt, fordi dette reelt sett handlar om mindretalsspråket nynorsk.

Jan Tore Sanner og Frida Melvær

LOBBYKAMP: Stortingskandidat Frida Melvær (t.h.) i Sogn og Fjordane vil arbeida hardt fram mot landsmøtet for å få nestleiar Jan Tore Sanner og resten av Høgre med på å behalda sidemålskarakteren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette handlar om å syna respekt for heile landet, og for dei to likestilte målformene våre, og eg tykkjer Høgre skal visa at me respekterer både nynorsk og bokmål, seier den mangeårige ordføraren i Askvoll kommune.

Røe Isaksen usamd

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, har leia arbeidet med det nye partiprogrammet i Høgre. Han er usamd i at toleransen for nynorsk blir mindre:

– Elevane skal ha kunnskap om begge målformene, og om kvifor Noreg har to skriftspråk. Men dagens sidemålsordning har ikkje vore ein suksess viss målet har vore å skapa forståing og respekt for både nynorsk og bokmål.

Hanne Alstrup Velure, (H) kommmunestyrerepr. i Lesja

DISTRIKTS-HØGRE: – Fjerning av sidemålskarakteren er ei dårleg distriktspolitisk sak for Høgre, seier sentralstyremedlem Hanne Alstrup Velure frå Lesja i Oppland.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Dårleg distriktspolitisk sak

Sogn og Fjordane og Hordaland Høgre mobiliserer før landsmøtet til helga og arbeider for å få fleire fylke med på sitt lag.

I Oppland er sentralstyremedlem frå Lesja, Hanne Alstrup Velure, sterkt kritisk til programkomiteen sitt sidemålsforslag:

– Dette er ei dårleg distriktspolitisk sak. Sidemålet handlar om nynorsken, og språket ligg hjartet vårt nært. Eg har budd i byar og i nynorskdistrikt, og eg veit kva dette betyr.