Hopp til innhold

Fryktar trafikkauke som følgje av Møreaksen

Ordføraren i Haram fryktar at mykje av trafikken vil gå gjennom fylkesveg 147 mellom Vatne og Fiksdal når arbeidet med Møreaksen startar.

Vebjørn Krogsæter

Haram-ordførar Vebjørn Krogsæther fryktar ein trafikkauke på fylkesveg 147 når arbeidet med Møreaksen startar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Gigantprosjektet som vil koste meir enn 30 milliardar kroner, skal gjere det mogleg å krysse Romsdalfjorden ferjefritt og dermed korte kraftig ned på reisetida mellom Ålesund og Molde. Men det er usikkert kor lang tid det vil ta før den nye vegen frå Vik i Vestnes og sørover til Sunnmøre vil vere på plass, og Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter fryktar at mykje av trafikken vil gå gjennom fylkesveg 147 i mellomtida.

– Dette blir då den kortaste vegen til Vigra og Ålesund, og eg trur mange kjem til å velje denne vegen i staden for å køyre via Ørskogfjellet, seier han.

For stor belasting

Krogsæter vektlegg at fylkesvegen mellom Vatne og Fiksdal ikkje er egna for ein slik auke i trafikken. Det er spesielt vegen gjennom Nakkedalen han er uroa for.

Fiksdalen

Krogsæter meiner fylkesvegen mellom Vatne og Fiksdal ikkje vil tole ein stor auke i trafikken.

Foto: NRK

– Frå Tomrefjorden til Fiksdalen er det relativt god vegstandard. Men resten av vegen har berre fire meter vegbreidde, der det er vanskeleg å møte store køyretøy. Vegen er smal, svingete og spesielt på vinterstid er det vanskeleg for bilar å passere kvarandre, seier han.

Haram-ordføraren meiner at ein auke i trafikken på denne vegstrekninga vil kunne føre til store problem.

– Det kan mellom anna føre til stopp i trafikken eller ulykker. Ein slik auke vil også krevje tiltak både på vegen og for dei mjuke trafikantane, seier han.

– Arbeidet må starte samtidig

Også lokalbefolkninga i Vestnes fryktar at mykje av tungtrafikken vil gå gjennom lokale vegar i Vestnes når arbeidet med Møreaksen startar.

Møreaksen

Møreaksen skal korte kraftig ned på reisetida mellom Ålesund og Molde.

Foto: NRK

– Ein tunnel frå Tomrefjorden og i retning Skodje ville løyst begge problemstillingane, seier Krogsæter, som i utgangspunktet er for bygginga av Møreaksen.

Men Haram-ordføraren meiner at arbeidet med Møreaksen må starte på Romsdals- og Sunnmørssida samtidig.

– Eg meiner det er rimeleg at vegen også blir planlagd heilt fram til Ålesund og at traseen frå Vik i retning Digerneset blir sett i gang når arbeidet med Møreaksen startar, seier Krogsæter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL