Hopp til innhold

Fryktar nytt reinseanlegg skal forureine fjorden

Motstandarane mot det planlagde kloakkreinseanlegget fryktar ein miljøkatastrofe. I dag demonstrerte dei med rundt 100 båtar på fjorden.

Vigleik Gundersen

Vigleik Gundersen meiner avløpet frå reinseanlegget burde gå i havet, ikkje i fjorden.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ved eit idyllisk bustadområde på Kvasneset i Sula skal det etter planen kome eit reinseanlegg i fjellet. Anlegget skal reinse kloakk for titusenvis av innbyggjarar i Ålesundsområdet. Folk er rasande over plasseringa.

– Den største frykta mi er at generasjonar etter oss må begynne å reinse fjorden. Då har vi øydelagt noko som nesten er uerstatteleg, seier Marit Bjørkavåg i aksjonsgruppa.

Ho meiner det blir både kloakk, tungmetall og medikamentrestar i fjorden frå avløpsrøra. Potensielt kan det utvikle seg til å bli ein miljøkatastrofe i innløpet til verdsarvfjorden, trur ho.

Torsdag var ein rekke båtar med i ein båtparade for å markere motstand. Båthorna tuta så det ljoma godt over fjorden.

Bjørn Inge Furuli og Marit Bjørkavåg er motstandarar mot renseanlegget på Kvasneset

Bjørn Inge Furuli og Marit Bjørkavåg er usamde i plasseringa av det planlagde reinseanlegget.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Truar med byggeforbod

Kommunar over heile landet har problem med gamle avløpssystem og mange slit med å innfri krava til reinsing. I Ålesund og Sula bryt kommunane lova fordi dei slepp kloakk og forureina vatn i fjorden. Statsforvaltaren truar med byggeforbod dersom problemet ikkje blir løyst.

Det nye reinseanlegget som kan løyse mykje av problema møter motstand. Avløpsvatnet frå reinseanlegget skal gå ca. 280 meter ut i fjorden og det vekker bekymring.

Båtkortesje protest

Om lag 100 båtar slutta seg til ein båtparade for å protestere mot planar om eit reinseanlegg i Sula på Sunnmøre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vigleik Gundersen (76) målar naustveggen og ser utover den blikstille fjorden. På varme dagar yrer det av folk som badar og småbåtar. Gundersen forstår ikkje at utsleppa skal leggast i fjorden. Han meiner det må lengre til havs.

– No legg dei røyr heilt til England og Tysland så må dei kunne legge det lenger ut, seier Gundersen.

Bygdefolket som bur nært anlegget er også redd for lukt.

–Frykta er overdriven

Ordførar i Sula Jim Arve Røssevoll ved Fiskarstrand verft.

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll, meiner rapportar viser at fjorden ikkje tar skade av det nye reinseanlegget.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll (Ap) meiner det ikkje er grunn til bekymring. Han trur det tvert i mot er bra for fjorden at det kjem nytt reinseanlegg.

– Her har vore mange argument både mot lukt og forureining, men no har vi gjort så mange grundige undersøkingar. Dei slår fast at fjorden ikkje tar skade, seier Røssevoll.

Ordføraren meiner reinseanlegget blir eit løft for Storfjorden fordi dei totale utsleppa blir mindre enn hos det eksisterande anlegget i nærområdet.

Han trur også bekymringa for å få eit reinseanlegg for avløp og kloakk i nærområdet er psykologisk.

– Etter mi meining er frykta overdriven.

Kvasneset i Sula der det er planlagt renseanlegg

I dette området skal det etter planen byggast reinseanlegg i fjellet. Anlegget for Ålesund og Sula skal ha kapasitet til å dekke 70.000 personar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kostnadskrevjande i havet

Prosjektleiar Elin Nerem seier at det skal utarbeidast 15 rapportar og at innbyggjarane må stole på fagfolka. Dersom konsekvensutgreiinga seier at ulempene blir for store, kan det ende opp med at anlegget ikkje blir bygt.

– Samstundes må ein huske at mange er ramma av forureining allereie, seier Nerem.

Ho seier det blir svært kostnadskrevjande å legge avløpet lenger ut i havet. Også logistikkmessig krev det meir.

– Matfatet vårt

Marit Bjørkavåg vil halde fram kampen for å stoppe utbyggingsplanane. Med saklege argument og fredelege demonstrasjonar.

– Dette er matfatet vårt. Eg er svært bekymra over at dei vil legge eit slikt anlegg i ein fjord, seier Bjørkavåg.

Avløpet frå det planlagde renseanlegget skal kome ut i fjorden her

Avløpet frå det planlagde reinseanlegget skal plasserast i fjorden, om lag 280 meter frå land.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

LES OGSÅ:

Gamle rør tåler ikke ekstremvær – kan koste milliarder å ruste opp

Vann og avløp kan bli mer enn dobbelt så dyrt