Hopp til innhold

Framleis uvisst om det blir døgnbemanna sengepost på Hjelset

Innan månadsskiftet skal ei arbeidsgruppe ha klar ei innstilling om korleis dei meiner barnetilbodet i Helse Møre og Romsdal skal vere. Det er knytt stor spenning til om gruppa går inn for ein døgnbemanna sengepost for barn på Hjelset. Trass i at rapporten skal vere klar 1.oktober er det førebels uvisst når Helse Møre og Romsdal vil offentliggjere innstillinga.

Marianne Nordhov

Marianne Nordhov leiar arbeidsgruppa som ser på barnetilbodet i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tilsaman 13 personar i arbeidsgruppa har i eit halvt års tid kartlagt det medisinske tilbodet for barn opp til 18 år på alle dei fire sjukehusa i fylket. I dag er det to barneavdelingar i Helse Møre og Romsdal, ei i Kristiansund og ei i Ålesund.

Overlege i barnemedisin ved Universitetssjukehuset i Tromsø, Marianne Nordhov har leia arbeidet.

– Vi er opptatt av nærleik, men det fagleg medisinske tilbodet skal også vere godt og robust. Desto nærare ein kan skape det i forhold til familiane, desto betre, men det er ekstremt mange omsyn å ta, seier Nordhov.

Ho vedgår at det er vanskeleg, ikkje minst på grunn av ulike interesser i fogderia. No arbeider gruppa med å samle så god bakgrunnsinformasjon som muleg, for så å kome med ein rapport som er så etteretteleg som muleg.

Barneavdeling Ålesund

Ved sjukehuset i Ålesund er det allereie ei stor barneavdeling. Difor er det knytt stor spenning til kva tilbod fellessjukehuset skal ha.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Barnets beste

Tal frå helseføretaket viser at 2785 barn låg på sjukehus i Møre og Romsdal i fjor. Av desse kom 1903 frå Sunnmøre, medan 882 kom frå Nordmøre og Romsdal. I Ålesund er det ei stor barneavdeling. Om det kompliserer arbeidet med å bygge opp eit nytt tilbod på fellessjukehuset er Nordhov førebels varsam med å vere konkret.

– I Ålesund er det ei avdeling som gir eit tilbod til barn i heile fylket, og det skal ein vere glad for. I forhold til det nye tilbodet er det vanskeleg å kommentere spesifikt.

Saman med resten av arbeidsgruppa skal Nordhov no skaffe eit totalt oversyn over kor mange barn som blir behandla, kvar dei er, og kva slags barn det er.

– På bakgrunn av det skal vi gi ei evaluering og eit råd som skal vere forankra i barnets beste og på barna sine premissar. Dei skal ha god tilgang til helsetenestene uansett kvar dei bur.

Det er ikkje klart når rapporten om tilbodet til barn i Helse Møre og Romsdal blir offentleg. Men arbeidsgruppa som evaluerer barnetilbodet ved sjukehusa i fylket skal ha sin rapport klar innan 1. oktober. Då er det knytt stor spenning til om evalueringsgruppa innstiller på ein døgnbemanna sengepost på Hjelset, berre senger eller poliklinikk på dagtid. Alternativet vil vere å samle all døgnbehandling av barn på sjukehuset i Ålesund.

– Det er ikkje vi som skal bestemme, men arbeidsgruppa har som mål å kome med ein rapport og ei tilråding som inneber at alle barn i Møre og Romsdal skal få eit best muleg tilbod.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL