Hopp til innhold

Forstår ikkje bekymringa for det nye sjukehuset

Leiinga i Helse Møre og Romsdal meiner at media har skapt uro rundt barneavdelinga og tilbodet i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Hjelset sykehus

NYTT SJUKEHUS: Arbeidet med det nye sjukehuset på Hjelset er godt i gang. Onsdag vart det presentert teikningar av korleis romma kan sjå ut.

Foto: Pål Ingdal

Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal fekk styret ei orientering om arbeidet med det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. I slutten av november skal forprosjektet bli vedteke.

Espen Remme

URO: Sjukehusdirektør Espen Remme meiner at media har skapt uro rundt tilbodet i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Eg er forundra over uvissa som er skapt rundt innhaldet av sjukehuset, sa sjukehusdirektør Espen Remme. Han presiserte at det førebels er planlagt seks sengeplassar på barneavdelinga. Det skal gjennomførast ei risikoanalyse for pediatri som skal vere ferdig 1. oktober.

Arbeidet med det nye sjukehuset er godt i gang og det vart presentert teikningar av korleis romma kan sjå ut. Sjukehuset får same tal på somatiske senger som Kristiansund og Molde har i dag. Psykiatriske senger får ei lita auke frå 37 til 39.

– Saman med det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund, vert det eit fullverdig akuttilbod, seier assisterande direktør, Helge Ristesund. Han meiner det ikkje er grunn til uro. Det nye sjukehuset vert derimot ei styrking av tilbodet for innbyggjarane i Romsdal og på Nordmøre, etter hans syn.

I sommar har det blitt rydda ut av dei to bygga på Hjelset og i januar skal det vere klart for riving. Det totale arealet på det nye sjukehuset blir på om lag 60 000 kvadratmeter, mot dagens 48.000.

Sjukehuset skal innehalde:

  • Indremedisin med åtte grenspesialistar
  • Kirurgi innan gastrokirurgi og urologi
  • Ortopedi
  • Gynekologi
  • Born og unge
  • Føde og barsel
  • Kreftbehandling
  • Prehospitale tenester
  • Psykisk helsevern
  • Rus og avhengigheitsbehandling
  • Øre, nase og hals
  • Tann og kjevekirurgi
  • Auge
  • Nevrologi
  • Bildediagnostikk
  • Laboratorium
  • Hud
  • Rehabilitering
  • Habilitering for barn
  • Lærings og meistringssenter
  • Forsking, utdanning og undervisning
Styremøte i Helse Møre og Romsdal

STYREMØTE: I dag fekk styret i Helse Møre og Romsdal ei orientering om arbeidet med det nye sjukehuset.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL