Hopp til innhold

Frå redaktørstolen til lokalbokforfattar

Asle Geir Johansen var lokalavisredaktør i 20 år. Etter ein personleg smell og ei lang sjukmelding kom han tilbake for fullt som forfattar av ei fleire lokale bøker på Søre Sunnmøre.

Asle Geir Johansen er forfattar for ei rekke lokale bøker.

Sjå tv-saka: Tidlegare lokalavisredaktør Asle Geir Johansen satsar på lokalbøker.

Asle Geir Johansen hastar forbi lokala til sin gamle arbeidsplass Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. Denne gongen er han på veg til bokhandelen for å sjå på noko av det han har vore med på å produsere så langt i år, no har kome fram til kundane.

– Det er ikkje ofte eg gjer dette, men det er klart eg lurer på om bøkene vekker interesse blant lesarane. Som regel er eg innom bokhandelen for å bla i bøker, eller sikre meg bøker sjølv, seier Johansen.

Lokale bøker i vinden

Tilbake på kontoret i lokala til kommunikasjonsbyrået Osberget i Ulsteinvik hamrar gamleredaktøren laus på tastaturet og produserer bok på bok. Etter ei lang sjukmelding har han funne seg godt til rette i godstolen her.

– Eg hadde vore i avisbransjen i over 25 år, og i tillegg hadde eg vore redaktør i over 20 av dei. Det er klart eg var litt usikker på krefter og om eg framleis hadde skrivelysta då eg kom tilbake frå sjukemelding, men heldigvis gjekk det bra, seier Johansen.

Lokale bøker toppar ofte salsstatistikken før jul, og i ei tid der digitale media tek meir og meir plass står lokalhistorie seg framleis svært godt i bokform.

– Om vi skal døme etter etterspørsel og salstal så er interessa for lokalhistoria aukande og det trur eg kanskje bidreg til at ein kan gi ut fleire bøker med lokal forankring, trur Johansen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL