Hopp til innhold

Barndomsminne frå krigen vart til bok

Gjennom heile livet har han gått med historiene i hovudet. Frå då han var gutunge og opplevde verdskrigen på Arset i Vanylven. Magne Vik Arset (80) har no gitt ut bok om korleis han opplevde krigsåra på heimebøen.

Magne Vik Arset vart forfattar som 80-åring

Magne Vik Arset vart forfattar som 80-åring. Han skreiv bok om barndomsminne frå krigen. I tillegg viser han rundt skuleborn i restane av den gamle militærleiren på Åram i Vanylven, der det var mange tyske soldatar samla. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Boka har fått namnet Søtaste Solbæra og skriv seg frå ei av dei mange historiene frå boka. Det var tyske soldatar på garden der han framleis bur, og militærleiren på Åram låg ikkje langt unna, der tyskarane skulle forsvare Åramfjorden frå angrep i lufta og frå sjøen.

Søtaste Solbæra, bokomslaget

Søtaste Solbæra, bokomslaget.

Foto: Arne Flatin / NRK

På garden var det ei stor solbærbusk som Magne ikkje fekk plukke bær frå då han var gutunge under krigen. Han vart irritert over dette for solbæra der såg både stor og god ut.

Etter kvart fekk han forklaringa. Det viste seg at det var akkurat på denne staden ved denne solbærbuska at dei tyske soldatane brukte å pisse...

Magne Vik Arset på heimegarden

Magne Vik Arset på heimegarden.

Foto: Arne Flatin / NRK

Omvisingar

Magne Vik Arset var i mange år rektor på skulen i bygda. Han bidreg framleis til skulen ettersom han stadig vekk har omvisingsrunder på den gamle militærleiren til tyskarane på Åram. Det er berre restane som viser at det var ein ganske så stor militærleir der under krigen. Men Magne fortel levande til elevane, som denne dagen kjem frå 4.klasse. Elevane held også på med å lese boka til Magne på skulen, derfor er det ekstra interessant å vere med på denne omvisinga, synest dei.

Mange har finurlege spørsmål om boka og om hovudpersonen Mons Are, som er Magne. Og 80-åringen svarar godt på dei mange spørsmåla han får frå nyfikne 10-åringar.

Magne Vik Arset

Magne Vik Arset trivst når han får fortelje skuleborn om episodar frå krigen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Magne var berre 6-7 år gammal då krigen starta og dei tyske soldatane kom til bygda på Søre Sunnmøre. Saman med foreldra sine og ein yngre bror budde han på garden Arset i Vanylven. Og dagleg hadde dei kontakt med tyskarane, og fleire av desse episodane vert levande skildra av Magne i den ferske boka som er trykt i 1000 eksemplar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL