Hopp til innhold

Jostein Fet (89) er ute med ny bok

90-åringar som gir ut bøker som setter nytt lys på litteraturhistoria vår er ikkje daglegkost. Josten Fet frå Volda litteraturhistorikar og makelaus i det han gjer.

Jostein Fet med ny bok

Fet er forskar, forfattar, kulturhistorikar og folkemusikar og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2004.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Jostein fet (90) med ny bok

Her signerer Fet boka si ved Aasentunet i Volda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Søndag presenterte han nok ei bok i rekka av mange. I den nyaste er han særleg oppteken av vanlege folk før i tida. Det vil seie folk flest som levde på 1600-talet og framover.

Fet, som har vore undervisningsleiar ved høgskulen i Volda i ein mannsalder, har blitt kjent langt utover landegrensene for forskinga si. Den nye boka «Stemmer frå ei fjern tid» vart presentert ved sjølvaste Aasentunet i Ørsta.

– Eg har tydelegvis røyrt noko ved folk, i alle fall hjå det eldre publikummet mitt. Viss eg skal karakterisere boka så dreier det seg mykje om menneskelege og irrasjonelle kjensler og symbol som kanskje ikkje kjem fram i vår Twitter-tid, seier Fet.

– Drivkrafta mi er trivsel

Forfattaren, som fyller nitti i år, fortel at han vil markere og vise fram dei menneskelege grunnkjenslene i boka si. Drivkrafta hans er trivsel, og han får orden på tankane sine ved å skrive.

– Det er tilfredsstillande å få tankar ned på papiret. Eg veit ikkje om dette er det siste frå meg, men eg lovar ingenting, seier Fet.

Fet er forskar, forfattar, kulturhistorikar og folkemusikar og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2004, mellom anna for arbeidet sitt med å dokumentere at bøndene på 1700- og først på 1800-talet var meir lesekunnige enn ein før har trudd.

Høyr heile radioreportasjen her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL