Hopp til innhold

Edvard Hoem avsluttar slektskrøniken: – Vil ikkje skrive om dei som lever no

Dei siste ti åra har forfattaren Edvard Hoem gitt ut sju romanar om slektningar som levde før hans tid. Men 74-åringen vil ikkje skrive om dei som lever.

Edvard Hoem ved peisen hjemme på Hoem

Forfattar Edvard Hoem ved peisen i det gamle tømmerhuset på Hoem der han les frå sin siste bok i slektskrøniken.

Foto: Ann Eli Nøsen

Vi møter forfattaren i det fleire hundre år gamle tømmerhuset på Hoem i ytre Romsdal, der han har funne roa til å skildre mange av sine slektningar frå tidlegare tider.

I dette huset sit mykje i veggane.

Nokre veker har gått sidan han kom med den sjuande og siste boka i slektskrønika, «Husjomfru». Han hadde bestemt seg for å sette strek då han hadde skrive den sjette boka. Men ei natt hadde han ein draum der han såg ei dame i ein kvit kjole på ei strand, som han tenkte måtte vere Julie Elisabeth Hoem.

Kva med meg då? spurte ho i draumen.

Det gamle tømmerhuset på Hoem

Edvard Hoem bur i Oslo, men finn ofte ro til å skrive i det fleire hundre år gamle tømmerhuset nokre av forfedrane forlét då dei søkte lykka i Amerika.

Foto: Ann Eli Nøsen

Tre år har gått sidan forfattaren begynte leitinga etter spora Julie Elisabeth etterlot seg. Men det skulle ikkje bli så mykje å finne, så han måtte dikte ho fram slik han har gjort med tippoldemor jordmora, oldefaren i Moldelia og dei slektningane som søkte lykka i det lova landet på andre sida av Atlanterhavet.

Det er halve moroa å dikte fram personar som har levd, seier forfattaren entusiastisk.

Hoem beskriv dei som levde både eitt og to hundre år før vår tid som ganske like oss sjølve.

Dei hadde dei same draumane og lengslane som oss.

Husjomfru for Bergens rikaste

Julie Elisabeth Hoem blei fødd i Kristiansund i 1836. Elleve år gamal miste ho mor si, som arbeidde på klippfiskberga i Kristiansund. Ungjenta var den yngste dottera til felemakaren, som Hoem også har skrive om.

Husjomfru av Edvard Hoem

Edvard Hoems sjuande og siste bok i slektskrøniken «Husjomfru». Hovudpersonen er Julie Elisabeth Hoem. Ho vart fødd i Kristiansund og enda opp å arbeide for dei rikaste familiane i Bergen

Atten år gamal reiste ho til Bergen og begynte å arbeide som hushjelp for dei betrestilte familiane. Ho bestemte seg for at ho ikkje vile gifte seg og slik blei det.

På sine eldre dagar flytta ho ofte og enda til slutt opp på den første gamleheimen i Bergen, som Hoem har kalla «Alders Hvile».

Det oppstod eit problem då dei blei gamle, fordi veldig mange ikkje hadde eigen familie. Den første aldersheimen kom til ved at dei rikaste familiane gav gåver slik at dei som hadde tent dei fekk ein stad å bu på sine gamle dagar.

Gløymde aldri historiene frå far og bestefar

Det som inspirerte unge Edvard til å skrive, var alle forteljingane om mange av dei gamle slektningane far og bestefar fortalde om då han vaks opp ved Frenfjorden.

Han visste med seg sjølv at han måtte fortelje om desse gamle, men det skulle gå meir enn tretti år før han henta forteljingane fram igjen.

Farfar Anton Edvard Hoem var den yngste sonen til oldefaren i Moldelia. Han valde foreldra å sette vekk til onkelen og tanta på Hoem, sidan dei ikkje fekk eigne born.

Like før Anton Edvard skulle begynne på skule følgde mor Serianna og veslesøster Kristine han over Jendemsfjellet til Hoem-garden. Då mora og søstera skulle dra på heimveg fekk ikkje vesle Anton Edvard følge med heim att. Han gret og sakna barneflokken heime.

Edvard Hoem

Utanfor den vesle løa som står igjen etter oldefar Knut Nesje i Moldelia der minstesonen vaks opp til han fylte åtte år.

Foto: Roar Strøm / Hans Thomas Eikrem / NRK

Slik var det for han. Det sat nok alltid fast i han at han måtte forlate søsken og foreldre då han var åtte år for å reise hit.

Blei bestefar din bitter?

– Nei, det vil eg ikkje seie at han blei. Eg kjøpte dette huset. Det var ikkje her eg vaks opp, men på ein gard lenger nede. Men både felemakaren og Julie Elisabeth stamma herifrå.

So her sitt det i veggane?

– Ja, her sit det mykje i veggane. Det er ei viktig årsak til at eg har brukt så mykje tid på dette stoffet. Her er mange fysiske spor.

Slik hamna også forfattaren og dei seks søskena hans i den vesle bygda ein halvtimes biltur frå Molde. Han tok over det gamle tømmerhuset med utsikt til Vågøykyrkja der foreldra er gravlagt.

Det var her i huset Amerika-krønika starta.

Planen til Hoem var å skrive om det fattige Noreg fram til oljealderen. Amerikabøkene sluttar i 1959 når grandonkel Eilert kjem heim frå Amerika.

Det er på tiårsdagen til forfattaren. Men der sett Hoem strek med dei fire bøkene om dei som reiste til Amerika.

Alle sju bøkene i Edvard Hoems slektskrønika fra Slåttekar i himmelen til Husjomfru i 2023

Dei sju bøkene i Edvard Hoem si slektskrønike. Frå Slåttekar i himmelen som kom ut i 2014, til den sjuande Husjomfru som kom i haust.

Foto: Ann Eli Nøsen

Viss eg skal fortsette må eg skrive om folk som er i live og det vil eg ikkje. Heller ikkje om meg sjølv, seier han bestemt.

Då far kom heim til jul

Medan snøen lyser opp landskapet mellom fjord og fjell går tankane desse førjulsdagane tilbake til barndommen då det var langt trongare kår enn i dag.

Heile poenget var at ein skulle vere veldig sparsam i adventstida sånn at då jula kom skulle det vere rikeleg av alt. Så i adventstida var det litt knapt rett og slett.

Edvard Hoem

Hoem på dei gamle tuftene etter tippoldemora som hadde sin vesle husmannsplass på Nesjestranda utanfor Molde. Ho var slåttekarens mor og arbeidde som jordmor.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Faren Knut Hoem var predikant og reiste rundt i landet sju månader i året. Då han kom heim til jul hadde han nokre gonger med seg appelsinar som ungane fekk.

Dette var tidleg på 1950-talet og det var smått hos dei fleste i bygdene rundt, men ifølge Hoem svalt dei ikkje.

Medan mora gjorde i stand heimelaga mat og stelte til jul minnast han at faren las juleevangeliet og dei gjekk rundt juletreet.

Tradisjonane har Hoem tatt med til sine eigne.

Eg må seie at ein faktor som kanskje folk undervurderer når vi tenker på kor godt vi har fått det og at velstanden er nokså rikeleg fordelt. Det er vi også i verdssamanheng aleine om.

Det gamle tømmerhuset på Hoem

I barndommens jul i heimbygda på 1950-talet var ifølge Hoem langt meir sparsam enn slik vi har det i dag.

Foto: Ann Eli Nøsen

Samstundes tenker han på dei mellom oss som slit i det rike Noreg og ikkje går mette til sengs julekvelden.

Eg skulle ønske at vi i enda sterkare grad fordelte rikdommen slik at dei som har minst kunne få litt meir enn dei har i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL