Storgata i Molde
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Forsvinningssak i Molde

Oppsummert

Det ble satt i gang en leteaksjon da en ungarsk mann ble meldt savnet i Molde i juni 2018. Et ektepar i 40-åra ble siktet for frihetsberøvelse, men satt fri da mannen dukket opp i Paris. Politiet mistenker at ungareren selv har fabrikkert bevis.

  • Krev tre år i fengsel

    I forsvinningssaka har aktor lagt ned påstand om tre år fengsel utan vilkår for ein 39-åring som står tiltalt for å ha planta bevis mot eit ektepar frå Molde. Aktor Magne Nyborg viste i retten til at paret sat varetektsfengsla og isolert, skriv rbnett. Forsvararen skal legge ned sin påstand seinare i dag, men den tiltalte har tidlegare ikkje erkjent straffskuld.

  • Erkjente ikkje straffskuld

    Ein 38 år gammal ungarar erkjente ikkje straffskuld då saka mot han starta i Romsdal tingrett i føremiddag. Mannen er tiltalt for å ha fabrikkert bevis i si eiga forsvinning. I fjor sommar blei det sett i gang ein omfattande leiteaksjon i Molde, før mannen etter kvart dukka opp i Frankrike. Det er sett av fire dagar til rettssaka, som går for opne dører.

    Forsvinningssaka i Romsdal tingrett
    Foto: Ann Eli Nøsen / NRK
  • Forsvinningssaka for retten

    I dag startar rettssaka mot ein 38 år gamal ungarar som tiltalt for å ha fabrikkert bevis i si eiga forsvinning. I juni i fjor blei det sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter mannen, som seinare dukka opp i Frankrike. Ifølge tiltalen frå Romsdal tingrett skal mannen ha planta sitt eige blod og knust glas heime hos seg, og lagt igjen ein konvolutt med det som skulle vere "bevis" mot eit ektepar, som seinare blei sikta for forsvinninga. Det er sett av fire dagar til rettssaka, og begge partar ber om lukka dører, seier dommar Oddne Hansen.

    Dommer Oddne Hansen - rettssak russeulykken molde
    Foto: Ivar Lid Riise / NRK