Hopp til innhold

Skal ha planta blod for å legge mistanke på ektepar

I juni 2018 blei det sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter ein sakna mann i Molde. No er 38-åringen tiltalt for å ha fabrikkert bevis i si eiga forsvinningssak.

Tidligere savnet mann

Ein 38 år gamal mann er no tiltalt for å ha fabrikkert bevis mot eit ektepar i Molde.

Ifølgje tiltalen frå Romsdal tingrett skal mannen ha planta sitt eige blod og knust glas i leilegheita si. Han skal også ha lagt igjen ein konvolutt med det som skulle vere «bevis» mot eit ektepar, som seinare blei sikta i forsvinningssaka.

Knut Meek Corneliussen

Knut Meek Corneliussen seier at saka har ei strafferamme på ti år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den då 37 år gamle mannen frå Ungarn skal også ha planta blod i bilen til ekteparet. Etter dette reiste mannen frå Molde utan pass og bankkort, og skrudde av telefonen sin. Då han ikkje møtte på jobb som avtalt måndag 25. juni 2018, blei det sett i gang ein leiteaksjon og ei omfattande politietterforsking.

– Dette er ei sak som har strafferamme inntil ti års fengsel, så det er ei alvorleg sak, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen.

Tiltalen blei først omtalt av Romsdals Budstikke.

Stiller seg uforståande til tiltalen

Mannen sin advokat, Astrid Bolstad i Wold & Co advokater, seier til NRK at han ikkje erkjenner straffskuld.

– Han stiller seg uforståande til tiltalen. Han har forklart seg fleire gonger og vil også møte i retten i mai for å forklare seg der. Han er klar for å få dette overstått, seier Bolstad.

Ifølge Rbnett.no skal ungararen ha forklart under eit fengslingsmøte at det var naturlege forklaringar bak funna i leilegheita hans og at han ikkje hadde tenkt å rømme landet.

Ektepar sikta

Den siste observasjonen av mannen blei gjort i Molde sentrum natt til laurdag 23. juni 2018. Det blei etter kvart sett i gang ein omfattande leiteaksjon og Kripos blei også kopla inn i etterforskinga. Politiet gjorde ein rekke vitneavhøyr og tekniske undersøkingar heime hos mannen. Bilen til mannen blei funnen utanfor bustaden hans og det var ting som kunne tyde på ein slåstkamp inne i leilegheita.

Kripos ved bustad til sakna mann i Molde

Etterforskarar frå Kripos undersøkte leilegheita til mannen etter at han blei meldt sakna. Der fann dei blod og knust glas.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I mellomtida blei eit ektepar i 40-åra arrestert og sikta for å ha fråteke nokon fridomen, eller medverking til dette. Siktinga blei tatt ut på bakgrunn av funn som blei gjort i samband med etterforskinga. Det er desse funna som politiet no meiner at mannen sjølv har fabrikkert.

Søk etter savnet mann I Molde

Det blei sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter mannen og to tjern blei tømt i søket etter han.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ekteparet blei seinare slept fri, men har framleis status som sikta i saka.

– Saka deira ligg no til påtalemessig vurdering hos politiet. Det vil bli sendt ei innstilling til statsadvokaten som til slutt skal avgjere kva som vil skje med siktinga mot dei to, seier Meek Corneliussen.

Advokat Olav Cecil Bowitz representerer mannen i ekteparet som er sikta.

– Eg håper at siktinga blir fjerna kjapt, seier han.

Funnen i Frankrike

Om lag ei veke etter at mannen først blei meldt sakna, blei han funnen i Frankrike. Politiet fekk etter kvart mistanke om at mannen sjølv hadde fabrikkert bevis i saka og han blei sikta for grov uriktig skulding mot ekteparet.

Mannen blei kravd utlevert til Noreg, men utleveringsprosessen tok lang tid. Først i februar 2019 kom ungararen til Molde. Han har sete varetektsfengsla sidan då.

– Det har vore ein lang prosess. Særleg utleveringsprosessen har tatt lang tid, seier Meek Corneliussen.

Saka skal opp i Romsdal tingrett i mai, og det er sett av fire dagar til saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL