Hopp til innhold

Ektepar lauslatne - sakna mann funnen i Frankrike

Politiet har brukt store ressursar for å finne ein ungarsk mann som vart meldt sakna i Molde. I dag vart mannen funnen i Frankrike. Eit ektepar som var sikta i saka, vert lauslatne.

Tidligere savnet mann

Den 37 år gamle ungarske mannen blei siste gong sett ved ein minibank måndag kveld. Søndag kveld, nesten ei veke seinare kom han til rette.

Det var etter at den ungarske mannen i 30-åra ikkje dukka opp på jobb i Molde måndag at han vart meldt sakna. Sidan den tid har politiet og Kripos etterforska saka. Det har blitt leitt etter mannen med hundepatruljar og Sivilforsvaret har tømt to tjern i søket etter han.

Søndag vart mannen funnen i Frankrike. Det er uavklart kva tilstand mannen er i og han er førebels ikkje avhøyrt. Eit ektepar i 40-åra vart varetektsfengsla i fire veker fredag.

Framleis sikta

Etterforskinga har svekka mistanken mot ekteparet og dei vert lauslatne i løpet av søndag kveld. Dei er framleis sikta i saka.

Knut Meek Corneliussen

Politiinspektør Knut Meek Corneliussen seier mannen kan bli straffeforfølgt dersom han forsvann til Frankrike frivillig.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Har politiet nokon teori om mannen kan ha forsvunne frivillig?

– Vi har mange teoriar vi må jobbe etter og som vi må undersøke, og det gjenstår no ein del etterforsking, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen.

Han seier at politiet no skal etterforske om han sjølv kan ha hatt ei rolle i forsvinninga, og om den eventuell kan vere straffbar.

Av omsyn til etterforskninga er politiet tilbakehaldne med ytterlegare opplysningar knytt til saka.

– Kjempeglad

Olav Cecil Bowitz, som representerer mannen som er sikta i saka, seier han blei kjempeglad då han fekk beskjed om at han og kona no blir lauslatne.

Advokatene Roy Peder Kulblik og Olav Bowitz

Advokatane Roy Peder Kulblik og Olav Cecil Bowitz representerer ekteparet som framleis skal vere sikta i saka. Søndag kveld blir dei lauslatne.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Han har no lyst å kome seg heim snarast råd og vere ilag med familien og borna, seier Bowitz. Ekteparet har tre born, som dei siste dagane har vore tekne hand om av barnevernet og hjelpeapparatet.

Nye avhøyr måndag

Familien skal ha vore i ferd med å reise på biltur i Europa då ekteparet blei pågripne. Ifølgje Bowitz har dei framleis planar om å reise, men advokaten er usikker på om dei vil få lov av politiet å reise no.

– Eg har fått beskjed om at min klient blir kalla inn til nye avhøyr i morgon, seier han.

Roy Peder Kulblik representerer kvinna som er sikta i saka og seier også ho er fornøgd også med at den forsvunne mannen er komen til rette. Kulblik seier han har hatt tru på at dette skulle ende godt.

– Eg har hatt tru på det sidan begge dei sikta har nekta for at dei har hatt noko å gjere med forsvinninga, seier han.

Les også:

Søk etter savnet mann I Molde

Det vart søkt etter mannen i to tjern i mannen sitt nabolag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK