Hopp til innhold

Fleire droppar Tyrkia i sommar

Nordmenn er like reiselystne som før, men færre drar til Tyrkia. Star Tour har ein nedgang på 40 prosent i bestillingane til Tyrkia i sommar.

Syden

Tyrkia har vore eit populært reisemål dei siste åra. Frykt for terror gjer at færre reiser dit i sommar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Både turoperatørar og reisebyrå melder om god pågang på bestillingar til årets sommarferie, men Tyrkia er ikkje dit folk vil reise. Tendensen er at fleire vel reisemål meir vest i Middelhavet enn tidlegare år.

– Tyrkia opplever nok ein nedgang i år samanlikna med tidlegare år, og vi har registrert at fleire operatørar melder om at dei har redusert kapasiteten til Tyrkia, seier Sverre McSevenly-Åril. Han er direktør i Virke Reise utland.

Nordmenn er opptekne av stabilitet og frykt for terror påverkar ferievalet, viser undersøkingar frå Virke.

Sverre Mc Seveny-Åril

Sverre McSevenly-Åril er direktør i Virke Reise.

Foto: Forbrukerombudet

Folk er skeptiske

Star Tour har ein nedgang på 40 prosent i bestillingane til Tyrkia i sommar og kansellerer blant anna direkteruta frå Ålesund til Antalya. Kommunikasjonsansvarleg i Star Tour, Nora Aspengren, seier uroa i Tyrkia gjer dei reisande meir skeptiske.

– Interessa er ikkje der den var i fjor. Ustabilitet påverkar nok reisevalet. Folk ynskjer kjende og kjære reisemål i sommar, seier Aspengren.

Ho seier at tendensen er den same i alle dei nordiske landa. Folk kuttar ut Tyrkia og reiser heller til Spania, Hellas og Italia.

LES OGSÅ:

Selde leilegheita
Bjørn Johnsen

Bjørn Johnsen trivast godt i Tyrkia, men bestemte seg likevel å selge leilegheita.

Foto: privat

Bjørn og Erna Johnsen er av dei som ikkje reiser til Tyrkia denne sommaren, sjølv om dei likar seg veldig godt i landet. For 3–4 år sidan kjøpte dei leilegheit i Tyrkia, men bestemte seg for å selje. Det er fleire årsaker til salet, men frykt for terror er ein av faktorane.

– Dei politiske tilhøva i Tyrkia er sjølvsagt ein av grunnane. Urolegheit og terror, samstundes som der er ei leiing i landet som verkar ustabil, seier Johnsen.

No har dei i staden kjøpt leilegheit i Spania.

Færre investerer

Tyrkiahus har dei siste 15 åra selt 1600 bustader i Alanya. Dei opplever at folk som har investert i Tyrkia held fram med å reise dit, men at det er færre som vil kjøpe.

– Vi merkar ein del nedgang på sal av bustader. Eg trur nok folk tenkjer seg meir om no enn før, om dei skal investere og kjøpe i Tyrkia, seier medeigar i Tyrkiahus, Arnfinn Våtmyr. Han ser slett ikkje svart på situasjonen.

– Eg meiner det er trygt å reise til Tyrkia, seier Våtmyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL