Den Norske turistforeining er kanskje unik i verda. Dei har 500 hytter rundt om i heile landet, som alle kan få bruke. Systemet er basert på tillit til at turfolket er ærlege og legg att pengar for maten dei et og for opphaldet.
Øyvind Hunnes synest det er leitt at folk ikkje betalar.
Foto: privatDå Øyvind Hunnes, styreleiar i Ålesund og Sunnmøre turistforeining, var på inspeksjon på den ubetjente hytta på Velleseter i Sykkylven førre veke, oppdaga han at folk hadde overnatta, men ikkje skrive seg inn i protokollen og heller ikkje lagt att pengar.
– Vi oppdagar stadig fleire tilfelle. Systemet er basert på tillit og det er leitt at slikt skjer, seier Hunnes.
På Velleseter samsvarar ikkje forbruket av ved og gass, med dei få overnattingane som er registrert i året.
Anne Mari Aamelfot Hjelle ser ei endring blant folk som overnattar på hyttene. Spesielt er det turistar som ikkje forstår systemet.
Foto: PrivatLES OGSÅ:
Har skjedd ei endring
Hytteansvarleg i Den Norske Turistforening, Anne Mari Aamelfot Hjelle, har sett ei endring dei siste åra. Foreininga har fått fleire tilbakemeldingar, spesielt frå Nord-Noreg, om at folk ikkje betalar.
– I enkelte område, særleg der det kjem mange utlendingar, ser vi at dei ikkje forstår eller oppfattar at dei må betale, seier Hjelle. Ho vil ikkje seie at systemet er i fare, men turistforeininga skal starte ein prosess for å gjere det enklare for turistane å forstå korleis dei skal betale for mat og opphald.
– Vi må både sjå på eigne rutinar og om betalingsblankettane og kassene på hyttene er for godt gøymt, seier Hjelle. På dei største hyttene med stor trafikk, er det også vakter i høgsesongen, som passar på at folk betaler.
Også Bergen turlag opplever at ikkje alle gjestane betaler. Her er Norddalshytta.
Foto: Bergen og Hordaland TurlagMange dugnadstimar
Bergen turlag opplever også at enkelte ikkje betaler for seg. Dagleg leiar Helene Ødven, trur at utlendingar og nordmenn som prøver hyttene for første gang, ikkje alltid oppfattar at dei må betale.
– Vi må bli flinkare til å kommunisere alt dugnadsarbeidet som ligg bak. Når folk forstår kor mykje jobb som er gjort, trur eg folk får lyst til å betale, seier Ødven.
I Trondhjems turistforening er inntrykket at fjellfolka betaler for seg, men at dei ein sjeldan gang oppdagar folk som sluntrar unna.
Imponert over ærlege folk
Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar ved DNT Oslo og Omegn seier at det er ei utfordring med sjølvbetjene hytter med mat, men han er imponert over kor ærlege folk er.
– Vi har mange hytter og det er ikkje noko stort problem. Det vil alltid vere nokon som ikkje betaler for seg, men det er ingen grunn til å endre praksisen, seier Wikborg.