Hopp til innhold

Turgåarar stel som ramnar frå ei av dronninga sine favoritthytter

Eigaren av den kjende turisthytta Flatbrehytta i Fjærland har tapt store summar på at turgåarar ikkje gjer opp for seg. Eit svinn på 60-70 prosent på mat og drikke er skuffande, fortel André Øygard.

Flatbrehytta

FLOTT UTSIKT: Flatbrehytta har vore eit turmål i fleire generasjonar.

Foto: Heidi LIse Bakke / NRK

Flatbrehytta er ei av landets mest kjende turisthytter og ligg tett oppunder Jostedalsbreen i Fjærland. Mellom anna har turglade dronning Sonja vore ei rekkje gonger på hytta.

André Øygard overtok drifta av hytta forrige sesong. Han ville i år gje turistane eit tilbod om å ta mat og drikke, mot at dei la att pengar på hytta eller betale med giro. Men skuffande nok har han oppdaga at mange rett og slett har stole mat og drikke frå proviantlageret.

–Problemet er at hytta er ei privat finansiert hytte, og vi har store utgifter. Den går rundt økonomisk, vi går i null på drifta, men vi er avhengige av inntekt frå sal av proviant. Folk må betale for det vi flyr opp til hytta, seier Øygard.

Kor mykje svinnet er i kroner og øre har han ikkje tort å rekne på enda, men at det dreier seg om store summar for ein trong hytteøkonomi er han ikkje i tvil om.

– God del uærlegheit

Han har ingen ambisjonar om å tene pengar på drifta av Flatbrehytta, og synes det er svært skuffande at det finst uærlege sjeler også blant fjell- og brevandrarane.

– Slik det har vore no, så har folk hatt moglegheit til å legge att pengar i ei kasse der oppe. Vi har og gjeve dei moglegheita til å betale når dei kjem ned att frå hytta. Men det verkar som det er vanskeleg for folk å kome innom garden for å få eit kontonummer dei kan setje inn pengar på. Det viser seg jo rett og slett at det har vore ein god del uærlegheit, seier Øygard.

I nesten 60 år har Flatbrehytta i sørenden av Jostedalsbreen vore knutepunkt for turar over breen.
Men hardt ver og mykje besøk har sett sine spor - og no blir stien opp og hytta 1000 meter over Fjærland sett i stand..

Flatbrehytta blir restaurert

Hytta er utan straum

I starten hadde han ei kjensle av at det var betalingsvanskar som gjorde det, og det faktum at folk gjerne ikkje har med seg kontantar lenger når dei er ute og går på tur.

– Hytta har jo ikkje straum, så vi kan jo ikkje ha nokon betalingsautomat. Eg må ha lov til å vere skuffa, det er rett og slett fordi eg gjev folk tillit til at dei gjere opp for seg på hytta.

– Nøydd til å ha litt utval

I mange tiår har det vore ein tradisjon i Øygard-familien at det har vore tilgang på Cola og ananas på boks i hytta. Ein tradisjon som no avdøde Anders Øygard i si tid innførte.

– Men sjølv om tilliten no er litt svekka, så er eg nøydd til ha litt utval. Dette er jo ei hytte som er open heile året, og det er jo meininga at den og skal fungere som ei naudhytte for folk på vinteren. Så det må vere mat der, i tilfelle nokon er i naud, seier Øygard.

Dronning Sonja

UTE PÅ TUR: Dronning Sonja var på Flatbrehytta i 2005, og nede att på Øygard møtte ho pressa og fortalte om sitt sterke forhold til hytta og miljøet rundt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mange besøk frå dronninga

Mange kjende gjester har vore der opp gjennom åra, ikkje minst dronning Sonja, som fleire gonger har gått opp frå garden til hytta. Seinast under 50-årsjubileet.

– Det er kjekt å sjå at ein ny generasjon fører arven vidare. Hytta er unik og ligg heilt fantastisk til. Du føler urkrafta. Eg håper alle går inn for å verna hytta, sa dronninga til Sogn Avis i 2004.

Lite problem for DNT

Flatbrehytta er eigd og drive privat, og André Øygard seier at det er viktig for han å føre arven i familien vidare.

– For oss som er glade i å gå i fjellet, så er denne hytta viktig. No må vi prøve å finne eit system for å hindre så mykje svinn, seier Øygard.

På dei sjølvbetjente hyttene til Den Norske Turistforening (DNT) har det i mange år vore eit system der turgåarar hentar ut proviant og betalar på giro når turen er over. Men dei opplever lite svinn.

– På nokre hytter som ligg nær veg så har det vore litt svinn, men på hyttene som ligg langt unna veg, så har ikkje dette vore noko problem, seier kommunikasjonssjef i DNT, Merete Habberstad til NRK.no.