Hopp til innhold

No gjer fleire som desse

Den Norske Turistforening har opplevd ei rekordstor auke i medlemstalet i 2015, og har no over 270 000 medlem.

Topptur i Sunnmørsalpene

Illustrasjon: I Ålesund og Sunnmøre Turistforeining, ÅST, har medlemstalet gått opp med over 300 personar.

Foto: Hallgrim Rogn/Den Norske Turistforening / Den Norske Turistforening

På landsplan har foreininga fått 12 500 nye medlem, og i Ålesund og Sunnmøre Turistforeining, ÅST, har medlemstalet gått opp med over 300 personar.

2015 har vore «Friluftslivets år». Linda Flem, dagleg leiar i ÅST, fortel at draghjelpa frå denne markeringa har vore merkbar.

– Ja, vi har hatt ei god auke dette året. No er vi om lag 7122 medlem, noko som er ein rekord for oss i Ålesund og Sunnmøre Turistforeining, seier ho.

Trur på vidare vekst

Trass i ei rekordstor auke i medlemstalet i 2015, trur Flem likevel ikkje at toppen er nådd. Ho trur det blir vekst også i åra som kjem.

Linda Flem

Linda Flem, dagleg leiar i ÅST, fortel at 2016 blir «Familieåret».

Foto: Ålesund-Sunnmøre Turistforening

– Det er eit stort potensial for vidare auke også i år, seier Flem.

Medan 2015 var «Friluftslivets år», vil 2016 vere «Familieåret». Den nye satsinga skal vere ein enklare og rimelegare måte for familiar å melde seg inn i Den Norske Turistforening.

– I år skal vi ha eit ekstra fokus på å vere familie til fjells, og vil vise moglegheitene som fjellet har, seier Flem.