Hopp til innhold

Fjerna bompengane, men folk er rasande over høge ferjeprisar

Det er slutt på bompengar på vegane i Møre og Romsdal, men dei som er avhengig av ferje er sinte. Dei meiner ferjebilletten er altfor dyr.

Eldar Kurseth

Eldar Kurseth meiner regjeringa må få ned ferjeprisane, slik at det er mogleg for folk å bu i distrikta.

Foto: privat

– Eg må la vere å reise fordi det er så dyrt, seier Eldar Kurseth. Han driv butikk og har avdeling både i Ålesund og Molde. Skal han til Molde må han reise med to ferjer. Ideelt sett burde han ha reist til romsdalsbyen fleire gongar i veka, men ferjeprisane gjer at han vegrar seg. Han må ut med 330 kroner for å kome seg til og frå Molde.

Etter at Tresfjordbrua blei gratis å køyre fredag, er Møre og Romsdal einaste fylket i landet utan bompengar på vegar, bruer og tunnelar. Men dei som er avhengig av ferje får svi.

– Folk på ferja orkar ikkje å prate om prisane lenger, seier Kurseth. Sjølv betalar han nær 37.000 i året for å kome seg på jobb, med rabatt. I tillegg kjem alle turane til Molde.

For dyrt å bu langs kysten

Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund i gruppa Protest mot auka ferjetakstar er skuffa over at prisane ikkje går ned.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Facebookgruppa Protest mot auka ferjetakstar starta eit nasjonalt ferjeopprør, men Arnt Sommerlund meiner dei ikkje blir høyrde.

– Vi er sint, skuffa og fortvila. Verken fylkespolitikarane eller Stortinget har klart å gjere noko med det til trass for dei store protestane, seier Sommerlund. Det er ikkje berre at ferjene er dyre. Dei meiner tilbodet også har blitt dårlegare med kutt i ferjeavgangane.

– Det er for dyrt å bu langs kysten. Vi risikerer å både miste folk og arbeidsplassar.

Han meiner at det er på tide at regjeringa fokuserer på å kutte ferjeprisane på same måte som dei har tatt eit løft for bompengane på vegane.

Unntaksår

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) meiner ferjeprisane er for dyre i heile landet. I 2020 meiner ho Møre og Romsdal hadde dei lågaste takstane i landet på grunn av ein ekstra koronarabatt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kristin Sørheim (Sp) er leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. Ho er samd i at ferjeprisane er altfor dyre, men at fylkeskommunen ikkje kan løyse dette åleine. Ho seier at 2020 var eit unntaksår med både koronarabatt og halvanna månad der bilistane køyrde gratis fordi ein ikkje kunne ta billettar. No er prisnivået det same som før korona og ein er tilbake til dei gamle takstane. Det har ikkje vore ein auke.

– Ferjeprisane på alle ferjer i heile landet burde ha vore mykje lågare. Det er altfor dyrt samanlikna med å køyre på veg på fastlandet, seier Sørheim. Ho meiner det er stortingspolitikarar som må kome med pengane dersom dei vil ha folk og næringsliv langs kysten.

Vil jobbe for lågare prisar

Helge Orten

Helge Orten (H) vil jobbe for å redusere ferjetakstane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Helge Orten (H), leiar i samferdselskomiteen på Stortinget, seier at det har vore mykje fokus på å redusere bompengar for vegane i budsjettet, og lite fokus på ferjene.

– Eg håper vi kan vri merksemda meir mot å redusere ferjetakstane. Det vil ha stor betydning langs kysten, seier Orten.

Tar du sjølvkritikk på at prisane er så høge?

– Ja, det trur eg vi kan gjere alle saman. Det er ingen andre på Stortinget heller som har løyvd noko vesentlege midlar til å redusere ferjeprisane i sine alternative budsjett, seier Orten.

Folk flyttar

Eldar Kurseth veit om mange som har flytta frå Sykkylven for å sleppe ferjekostnadene. For han og kona er det uaktuelt, sidan ho jobbar i Sykkylven. Normann-utvalet har peika på at lågare ferjeprisar kan vere eit verkemiddel for å snu den negative folketalutviklinga i distrikts-Noreg.

Kurseth trur også det er løysinga.

– Ferjene må ned på bompengenivå. Og til slutt må det bli gratis, seier Kurseth.