Hopp til innhold

Siri sa opp jobben fordi ferja er for dyr

Familien i Norddal brukar 56.000 kroner i året på ferje for å kome seg på jobb. No har fylket varsla prisauke og det fekk Siri Melchior til å ta eit dramatisk val.

Siri Melchior

Siri Melchior er avhengig av to ferjesamband for å kome seg på jobb. Ho bur i Norddal og jobbar på Stranda. Ho har sagt opp jobben, men jobbar ut oppseiingstida si.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rutinert køyrer ho om bord i ferja på den oransjekledde matrosen sine instruksar. Fire gongar dagleg har Siri Melchior frå Norddal på Sunnmøre tatt ferje. No har ho fått nok av dyre ferjebillettar.

– Det går utover heile familieøkonomien. Vi er snart ein familie på fem og kjenner at det pressar på lommeboka, seier Melchior.

Ho og mannen Ole Magnus har rekna ut at dei brukar over 56.000 kroner på ferje i året for å kome seg på jobb. Siri pendlar over to ferjesamband, Ole Magnus eitt. Dei må ha kvar sine bilar.

Sa opp jobben

Fylkeskommunen har varsla takstauke etter jul, som kan bety at småbarnsfamilien må ut med 67.000 kroner i ferjeutgifter. Med det tredje barnet på veg, føler familien at dei har nok å bruke pengane på.

Tanken på dyrare ferje, fekk Melchior til å ta eit dramatisk val.

– Eg har valt å slutte i jobben min. Eg har rett og slett sagt opp, seier Melchior. No jobbar ho ut oppseiingstida si.

Matros Alf Ivar Eliassen

Matros Alf Ivar Eliassen meiner dei høge ferjeprisane er blodig urettferdige.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Matros Alf Ivar Eliassen ristar på hovudet over prisane. Han forstår ikkje at folk andre stader i landet klagar over 20 kroner i bompengar. Regjeringa har brukt ein milliard på å kutte bompengar fire stadar i landet.

– Auka ferjeprisar er blodig urettferdig. Folk har nok utgifter. Ein dag seier det stopp, seier Eliassen.

Ferjeopprør

Joachim Orvik i Protest mot auka ferjetakst beskåret

Joachim Orvik trur ferjeopprøret kjem til å blusse opp att.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For eit knapt år sidan starta ferjeopprøret langs heile kysten. Sinte pendlarar nekta å finne seg i dei høge ferjeprisane. I Møre og Romsdal vedtok politikarane å auke billettane med to takstsoner. På grunn av korona blei ferjeprisane reduserte ut året, men no trengst inntektene.

Joachim Orvik meiner det er feil å lempe rekninga over på pendlarane.

Han leia ferjeopprøret med 25.000 medlemmar på Facebook og ser at debatten byrjar å ulme igjen.

– Mange næringar slit på grunn av korona. Då er prisauke feil medisin, seier Orvik. Han kjenner til at fleire har flytta for å sleppe høge ferjeutgifter.

Skuffa over statsbudsjettet

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) er skuffa over at staten ikkje løyver endå meir pengar til ferjedrift.

Foto: Gunnar Sandvik

Møre og Romsdal har rekna ut at dei har eit underskot på om lag 200 millionar kroner på ferjedrifta neste år med dagens takstar.

I forslaget til statsbudsjett får dei 14 millionar til å dekke omlegging til miljøvennlege ferjer. Det er ikkje nok, meiner Kristin Sørheim (Sp). Ho er leiar for samferdselsutvalet.

– Eg er kjempeskuffa. Eg forstår ikkje at ferjeopprøret ikkje har gått inn i hovudet til regjeringa, seier Sørheim.

– Somme familiar må betale meir enn 60-70.000 kroner i året for å kome seg til å frå jobb. Det er heilt vanvettig samanlikna med dei som bur på Austlandet, seier Sørheim.

Uakseptabelt med prisauke

Helge Orten

Helge Orten (H) ber fylkeskommunen om få ei samla oversikt over inntektene sine, før dei konkluderer med at dei er underfinansierte.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Stortingspolitikar Helge Orten (H) synest det er uakseptabelt å auke ferjetakstane. Han er leiar for samferdselskomiteen på Stortinget og ber fylkeskommunen ta ein skikkeleg gjennomgang av statsbudsjettet og sjå på kva dei får i samla inntekter.

– Eg meiner det er for tidleg å konkludere med at dei er underfinansierte, seier Orten. Han meiner også at fylkeskommunen sjølv må ta ansvar for å prioritere innanfor rammene dei har.

Eiga bedrift

På ferja har Siri Melchior tid til å tenke på korleis livet skal bli framover. Ho har bestemt seg for å starte eiga bedrift innan nettverksmarknadsføring når ho er ferdig med svangerskapspermisjon.

– Vi sparer så mykje på at eg ikkje tar ferje. Vi tenkte at det er verdt å prøve, seier Melchior. Ho synest ikkje det er rettferdig at folk som er avhengige av ferje, må betale så mykje.

– Ferja er vegen vår. Vi kjem oss ikkje på jobb, til lege eller kva det enn skulle vere utan ferje. Vi er avhengige av den, seier Melchior.

I desember skal fylkestinget avgjere korleis dei skal hente inn millionane som manglar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL