På ferja som går mellom Molde og øykommunen Midsund sit pendlar Mary Fester i bilen og les. Ho jobbar som helsefagarbeidar og er avhengig av å reise med bil og ferje mange gongar i veka. No vurderer ho å flytte på grunn av dei store ferjekostnadane.
– Eg tener ikkje så mykje. Snart går det meste av løna mi til bensin og ferje, seier Fester.
Møre og Romsdal er eit av dei største ferjefylka i landet. Tysdag vedtok fylkestinget å innføre Autopass. Autopass skal gjere betalingsprosessen enklare. Innføringa av systemet betyr at det blir gratis for passasjerar, men for dekke inn inntektstapet, må bilistane betale 100 millionar kroner meir.
Krev billegare ferje
Joachim Orvik starta protestgruppa mot auka ferjetakstar. Dei vil halde fram kampen.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKDet er allereie bestemt at ferjeprisane skal auke med to takstsoner. Fylkesrådmannen foreslo å auke prisen ytterlegare, men det sa politikarane nei til. Likevel blir det mange tusen kroner dyrare i året for dei som er avhengig av å reise med bil. For pendlarane kan det bli 57 prosent meir i ferjeutgifter med auke i to takstsoner i Autopassregulativet.
– Dei to takstaukane må bort. Det er kravet vårt, seier Joachim Orvik i protestgruppa mot auka ferjetakstar.
Dei siste vekene har gruppa demonstrert mot prisauken og kampen kjem til å halde fram. Orvik trur mange kjem til å finne måtar for å sleppe å betale.
– Folk kjem til å sette frå seg bilane på ferjekaiene for å reise gratis, seier aksjonistleiaren. Fleire snakkar om å kjøpe ekstra bilar, som skal stå på andre sida av fjorden.
Turistane slepp unna
Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) er kritisk til innføringa av Autopass. Han forstår ikkje kven som skal betale for ferjedrifta, dersom folk sett att bilane på kaia og reiser gratis. Fylkeskommunen slit økonomisk og skal spare inn 112 millionar kroner.
– Det er horribelt. Autopass påfører innbyggjarane og bilistane enorme kostnader, seier Sve.
Han peikar på alle turistane som reiser til Geiranger sommarstid. No betalar kvar person 35 kroner i ferjebillett på den turen, men med autopass reiser dei gratis. Rekninga må næringslivet og innbyggjarane betale.
Frank Sve (Frp) og Kristin Sørheim (Sp) har ulikt syn på Autopass. Sve meiner det ikkje burde innførast fordi det rammar bilistane for hardt.
Foto: Trond Vestre / NRKLik ordning i landet
Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), seier at grunnen til at Autopass blir innført er at nabofylka gjer det same. Systemet er også innført på riksvegferjene.
– Det er viktig å ha ei lik ordning i heile landet for ferjebillettering, seier Sørheim. Ho meiner at ferjene er underfinansiert frå staten og at det er difor ein i tillegg har måtte auke takstane.
Det blir no jobba politisk for å få meir statlege løyvingar pengar til ferjedrift.
Dårlegare konkurransekraft
Sjølv om næringslivet skal få 45 prosent rabatt på Autopass, er det fem prosent mindre enn med dagens ordning. Med dei auka takstane oppå der, blir utgiftene store, seier distriktssjef i Bring, Ole Longva. Bedrifta brukar seks millionar kroner på ferje i dag.
– Når passasjerane skal reise gratis, er det transportnæringa som må betale det. Konkurransekrafta blir redusert samanlikna med andre som ikkje har ferjeutgifter, seier Longva.
–Dessverre må vi belaste ferjerekninga vidare til våre kundar, seier distrikssjefen.
Bring i Molde fryktar at det er kundane som må betale for auka ferjeutgifter.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK