Hopp til innhold

Sju spørsmål og svar om ferjeopprøret

I fleire månadar har vi høyrt om ferjeopprøret langs kysten av Noreg. Her er sju spørsmål og svar om kvifor det er opprør.

Billetør på ferga mellom Sykkylven og Magerholm

FERJEOPPRØRET: Mange protesterer no på at prisane på ferjene har blitt for høg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

1. Kva er ferjeopprøret?

I haust vart Facebookgruppa «protest mot økte fergetakster» oppretta, dei har nesten 25 000 medlemmar. Dei krev lågare prisar på ferjene. Grunnen er at prisane har auka med nærare 40 prosent over heile landet. Fleire har også sagt at dei vurderer å flytte frå der dei bur, fordi ferjekostnadane no blir for store.

2. Kor mykje har prisane auka?

Det er forskjellig kor mykje prisane har auka frå ferjesamband til ferjesamband. Men dette går hardt ut over til dømes pendlarar. Småbarnsforeldra Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek frå Norddal på Sunnmøre, gjekk frå å betale om lag 37 000 kroner i året på ferjebillettar, til å no måtte betale over 60 000.

Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek på ferjekaia på Linge

KOSTAR DEI DYRT: Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny Meek pendlar til jobb kvar dag, og er avhengig av å kunne reise med ferje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

3. Kvifor har prisane auka?

Grunnen til at prisane har auka er samansett, men der er to fellesfaktorar for alle fylka: autopass og el-ferjer.

4. Kven bestemmer kva det skal koste?

Det er fylkeskommunen som bestemmer kva ferjeprisane skal ligge på. Dei får pengar frå staten til å drifte ferjene, men fylka meiner dei ikkje får nok. Derfor aukar dei prisane, slik det ikkje skal gå ut over andre kostnadar i fylket.

Ferge ved Halhjem

STOR PRISAUKE: På ferjestrekninga mellom Halhjem og Sandvikvåg har billettprisen auka med 36 prosent sidan nyttår

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

5. Kvifor er det forskjellig frå fylke til fylke?

Det er i hovudsak Møre og Romsdal, Vestland, Nordland og Troms og Finnmark som meiner dei har fått for lite pengar til å drifte ferjene. Nokre av fylka slit økonomisk, og må gjer ein rekke tiltak for å spare pengar. Dette går ut over dei som brukar ferjene som fylket har ansvar for.

6. Kva er riksvegferje og kva er fylkesferje?

Samferdselsdepartementet har ansvar for riksvegferjene og fylka har ansvar for fylkesferjene. Før hadde ein berre riksvegferjer, men fordi fylka skulle får meir ansvar, fekk dei ansvaret for nokre av ferjesambanda. Det er prisen på fylkesferjene som har auka mest, men også riksvegferjene har fått auke.

Knut Arild Hareide og Linda Hofstad Helleland.

INGEN LOVNADER: Samferdselsminister Knut Arild Hareide og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland var denne veka på besøk på Aukra, for å sjå kva for konsekvensar prisauken har hatt.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

7. Kva kan regjeringa gjer no?

Regjeringa kan gi meir pengar til ferjedrift i fylka. Svaret på dette vil komme på det reviderte statsbudsjettet i mai, som må bli vedteke i Stortinget i juni. Det kan også komme andre løysingar, som meir pengar til det grøne skiftet der Enova går inn med midlar.